Ny versjon av SafeSeaNet og integrasjon med Digitoll
Kystverket har lansert ny versjon av SafeSeaNet Norway (SSNN), den norske portalen for skipsrapportering. Ei viktig endring er integrasjon med Tolletaten sitt Digitoll-system.
Publisert: 28. april 2026

Integrasjonen gjer det mogleg for næringslivet å oppfylle melde- og opplysningsplikta samstundes som myndigheitene får raskare og meir påliteleg tilgang til naudsynte data.
Kva er nytt?
Den nye versjonen av SSNN inneber at:
- Opplysningar som tidlegare kunne lastast opp som filer (til dømes PDF‑manifest) i SSNN, i ny SSNN må sendast inn i eit fast, maskinelt lesbart format.
- Opplysningar som blir sende inn, blir kontrollerte med ein gong. Tolletaten gir rask tilbakemelding dersom noko er feil eller manglar. Dette gir betre kvalitet på innsende data.
- Når kvaliteten på opplysningane blir betre, treng Tolletaten sjeldnare be om meir dokumentasjon i etterkant.
Løysingar i overgangsperioden fram til 15. september
Etter lanseringa av ny versjon av SafeSeaNet, vil det vere ein overgangsperiode der næringslivet kan velje mellom fleire løysingar. Overgangsperioden varer fram til 15. september.
I denne perioden kan desse tre alternativa brukast:
- Gammal SSNN-løysing: støttar ikkje Digitoll.
- Ny SSNN-løysing: med integrasjon mot Digitoll.
- Tolletaten sitt API: støttar Digitoll, men proviant- og besetningsdeklarasjon må leverast i gammal SSNN.
Løysingar etter overgangsperioden
Frå og med 15. september vil det ikkje vere mogleg å bruke gammal SSNN for å oppfylle digital melde- og opplysningsplikt mot Tolletaten i samband med grensekryssande vareførsel. Det vil då ikkje lengre vere mogleg å sende inn ustrukturerte data (til dømes PDF-manifest).
Frå dette tidspunktet vil det vere krav om:
- overføring av strukturerte data (data i format som kan lesast maskinelt) om fartøy og last til Tolletaten sine system
- at fartøy blir handsama likt som andre transportmiddel
- at det blir vist til prosedyreval i melding om sendinga
Etter 15. september vil næringslivet kunne bruke ei av desse løysingane for å oppfylle pliktene til Tolletaten for fartøy på sjø:
- Tolletaten sitt melde- og opplysnings-API for sjø- tilgjengeleg frå 2025
- Kystverket si nye løysing for SafeSeaNet Norway (nye SSNN)
Det er både før og etter overgangsperioden mogleg for aktørane å kombinere dei to løysingane, og sende inn ulike delar kvar for seg. Alle meldingar må likevel vere sende inn og kopla saman før grensepassering.
Kva må du gjere no?
- Set deg inn i kva løysing som passar best for di verksemd.
- Sørg for at systema dine kan sende strukturerte data.
- Planlegg overgang til ny løysing i god tid før 15. september.
Les meir om korleis dette skal fungere på våre nettsider: Digitoll for sjø.
Følg også med i Tolletaten sitt nyheitsbrev.
Oppdatert: 28.4.2026