Forklaring på dei ulike avgiftstypane

Når du handlar varer frå utlandet, kan du måtte betale ulike avgifter når vara kjem til Noreg. Kva avgifter du må betale, avheng av kva slags vare du importerer. Nedanfor forklarer vi kva dei ulike avgiftstypane er, og når dei er aktuelle.

Tollavgift

Tollavgift er ei avgift på enkelte varetypar ved import. Satsane blir bestemte i Tolltariffen.

I hovudsak er det berre tollavgift på klede, ferdige tekstilvarer som sengetøy, gardiner og handkle, og på næringsmiddel som mat og drikke. Alle andre varer er fritekne for tollavgift.

Særavgifter

Særavgift er avgifter som blir lagt på bestemte varer ved import, for eksempel alkoholhaldige og alkoholfrie drikkevarer, og drikkevareemballasje. Du finn ei full oversikt over særavgiftene på Skatteetaten sine sider(åpner i ny fane).

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift (mva.) må du betale ved import av dei fleste varer. Satsen er normalt 25 prosent, men for næringsmiddel er satsen 15 prosent.

Deklareringsgebyr

Deklareringsgebyr er eit gebyr som transportselskapet, for eksempel Posten, UPS, DHL og FedEx, kan ta for å deklarere sendinga på dine vegner.

Transportselskapa bruker ulike namn på gebyret, mellom anna:

  • Pris fortolling
  • Utleggsgebyr
  • Fortollingsgebyr
  • Spedisjonsgebyr

Vi gjer merksame på at Tolletaten ikkje kan betale tilbake beløp under 100 kroner.

Ofte stilte spørsmål om avgiftstypane

Du har betalt avgifter på ei gåvesending som skulle vore avgiftsfri

Du har fått ei gåvesending frå familie i utlandet. Sendinga inneheld brus, leiker og klede. Gåvesendingar med ein verdi inntil 1000 kroner er avgiftsfrie. Avsendar oppgav ved ein feil at sendinga hadde ein høgare verdi enn dette, og du vart derfor belasta avgifter. Den faktiske verdien på sendinga var 500 kroner.

Dette kan Tolletaten betale tilbake:

  • Tollavgift: Ja.
  • Særavgifter: Ja.
  • Meirverdiavgift: Ja.
  • Deklareringsgebyr: Nei.
Du har returnert ei vare til seljar og fått ny, gratis erstatningsvare som du har betalt importavgifter på

Eksempel 1

Du har kjøpt ei jakke i utlandet og betalte tollavgift og meirverdiavgift ved import. Det var ein feil med jakka, og du returnerte den til seljar. Seljar sendte deg deretter ei ny jakke gratis.

Når den nye jakka blir importert til Noreg, må du likevel betale tollavgift og meirverdiavgift. Det er korrekt prosedyre.

Du kan søkje Tolletaten om tilbakebetaling av tollavgifta du betalte på jakka som vart returnert til seljar.

Dette kan Tolletaten betale tilbake:

  • Tollavgift: Ja, om beløpet er 100 kroner eller høgare.
  • Særavgifter: Nei, det er ikkje særavgift på jakker.
  • Meirverdiavgift: Nei. Du må søke Skatteetaten(åpner i ny fane).
  • Deklareringsgebyr: Nei.

Eksempel 2

Du har kjøpt ein mobiltelefon i utlandet og betalt meirverdiavgift ved import. Mobiltelefonar og all anna elektronikk er fritekne for tollavgift og særavgifter.

Telefonen slutta å verke, og du returnerte den til seljar. Seljar sendte deg ein ny telefon gratis.

Når den nye telefonen blir importert til Noreg, skal du betale meirverdiavgift. Det er korrekt prosedyre.

Du kan søke Skatteetaten(åpner i ny fane) om tilbakebetaling av meirverdiavgifta du betalte på telefonen du returnerte. Du kan ikkje søke Tolletaten, fordi det ikkje er betalt tollavgift på vara.

Du har returnert ei vare og fått tilbake kjøpesummen frå seljar

Eksempel 1

Du har kjøpt ei jakke i utlandet og betalt tollavgift og meirverdiavgift ved importen. Det var ein feil med jakka, og du returnerte den til seljar. Seljar refunderte kjøpesummen.

Dette kan Tolletaten betalte tilbake:

  • Tollavgift: Ja, om tollavgiftsbeløpet er 100 kroner eller høgare.
  • Særavgifter: Nei, det er ikkje særavgift på jakker.
  • Merverdiavgift: Nei. Du må søkje Skatteetaten(åpner i ny fane).
  • Deklareringsgebyr: Nei.

Eksempel 2

Du har kjøpt ein mobiltelefon i utlandet og betalt meirverdiavgift ved import. Mobiltelefonar og all anna elektronikk er friteken for tollavgift og særavgifter.

Telefonen slutta å verke, og du returnerte den til seljar. Seljar refunderte kjøpesummen.

Du skal ikkje søkje Tolletaten, fordi det ikkje er betalt tollavgift på vara. Du må søkje Skatteetaten(åpner i ny fane) om refusjon av meirverdiavgifta

Du har sendt ei vare til utlandet for reparasjon, men måtte betale avgifter då vara kom i retur

Du har kjøpt ein mobiltelefon frå utlandet. Mobiltelefonar og all annan elektronikk er fritekne for tollavgift og særavgifter ved import, men du har betalt meirverdiavgift.

Telefonen slutta å verke, og du sende den tilbake til seljar for reparasjon. Då den reparerte telefonen kom tilbake til Noreg, vart du belasta avgifter av den fulle verdien for telefonen. Dette skjedde fordi avsendar ikkje oppgav at sendinga inneheldt ei reparert vare i retur.

Dette kan Tolletaten betale tilbake:

  • Tollavgift: Nei, det er ikkje tollavgift på mobiltelefonar.
  • Særavgifter: Nei, det er ikkje særavgift på mobiltelefonar.
  • Meirverdiavgift: Ja.
  • Deklareringsgebyr: Nei.
Speditøren har brukt feil pris som grunnlag for avgiftene

Dette kan for eksempel kome av ein skrivefeil i fakturaen eller at feil faktura vart brukt.

Eksempel 1

Du har kjøpt bukser frå USA, og betalt tollavgift og meirverdiavgift ved import. Det er ikkje særavgift på bukser.

Seljar la ved feil faktura, og verdien på vara vart derfor sett høgare enn det du faktisk betalte. Du har dermed betalt for mykje tollavgift og meirverdiavgift.

Dette kan Tolletaten betale tilbake:

  • Tollavgift: Ja.
  • Særavgifter: Nei, det er ikkje særavgift på bukser.
  • Merverdiavgift: Ja.
  • Deklareringsgebyr: Nei.

Eksempel 2

Du har kjøpt elektronikk i utlandet og betalt meirverdiavgift ved import. Elektronikk er friteken for tollavgift og særavgifter.

Seljaren oppgav feil valuta på fakturaen. Beløpet skulle vere oppgitt i norske kroner, men vart oppgitt i euro. Verdien av vara vart derfor sett for høgt, og du betalte for mykje i meirverdiavgift.

Dette kan Tolletaten betale tilbake:

  • Tollavgift: Nei, det er ikkje tollavgift på elektronikk.
  • Særavgifter: Nei, det er ikkje særavgift på elektronikk.
  • Meirverdiavgift: Ja.
  • Deklareringsgebyr: Nei.
Transportselskapet har deklarert sendinga fleire gonger

Eksempel 1

Du har kjøpt bukser frå USA. Ved ein feil har transportselskapet deklarert sendinga di to gonger ved import og kravde tollavgift og meirverdiavgift begge gongene.

Dette kan Tolletaten betale tilbake:

  • Tollavgift: Ja.
  • Særavgifter: Nei, det er ikkje særavgift på bukser.
  • Meirverdiavgift: Ja.
  • Deklareringsgebyr: Nei.

Eksempel 2

Du har kjøpt elektronikk i utlandet. Ved ein feil har transportselskapet deklarert sendinga di to gonger og kravde meirverdiavgift begge gongene.

Dette kan Tolletaten betale tilbake:

  • Tollavgift: Nei, det er ikkje tollavgift på elektronikk.
  • Særavgifter: Nei, det er ikkje særavgift på elektronikk.
  • Meirverdiavgift: Ja.
  • Deklareringsgebyr: Nei

Oppdatert: 31.8.2026