Tollkontroll
Du kan bli kontrollert av Tolletaten når du reiser til Noreg. Vi veit at ein slik kontroll kan ta tid og bli opplevd som ubehageleg. Her får du vite kvifor vi gjennomfører kontrollar, og kva vi kan undersøke.
Kvifor gjennomfører vi tollkontrollar?
Tolletaten sitt samfunnsoppdrag er å sørge for at reglane for inn- og utførsel av varer til Noreg blir følgde. Det betyr at vi skal kontrollere at varene du har med deg er lovlege, og at dei blir inn- og utførte på rett måte.
Når du tek med varer inn i landet, har du ansvar for å vise dei fram til oss, og for å sikre at du ikkje har med deg noko som er ulovleg.
For å kontrollere at reglane blir følgde i praksis, gjennomfører vi tollkontrollar. Når du blir kontrollert, må du samarbeide med oss og følge instruksjonane du får. Vi vil forsøke å gi deg tydeleg og god informasjon undervegs i kontrollen.
Kva kan bli kontrollert i ein tollkontroll?
Tollkontrollane vi gjennomfører, kan vere både tilfeldige og målretta. Når du blir stoppa, kan vi kontrollere deg, varene og transportmiddelet for å sikre at reglane blir følgde.
Du kan bli stoppa og kontrollert sjølv om du ikkje har med deg varer. Vi kan òg bruke blålys for å stoppe køyretøyet ditt.
Kva inneber ein tollkontroll?
Ein tollkontroll startar ofte med ein samtale med deg. Deretter kan vi undersøke det du har med deg og køyretøyet du reiser med.
Under kontrollen kan vi be deg legge frå deg telefonen og tømme lommene dine. Vi kan òg visitere deg. Det betyr at vi kan kjenne på kleda dine, klappe deg utanpå kroppen og undersøke hovud, hår og eventuelle holrom.
For å gjennomføre ei meir inngripande undersøking, som til dømes at du må kle av deg heilt, må det vere mistanke om ulovleg vareførsel som kan gi fengselsstraff.
Les meir om inngripande undersøkingar her.
Under kontrollen kan vi bruke ulike hjelpemiddel som blant anna tenestehund og skannar. Dersom det er nødvendig kan vi både flytte og demontere køyretøyet, og midlertidig ta frå deg bilnøklane dine. Undersøkingar som består av å gjennomlyse kroppen eller gi urin- eller avføringsprøve, skal ikkje gjennomførast utan at du har samtykt til dette.
Dersom kontrollen tar lang tid, vil du ofte bli tilvist til eit venterom. Ønsker du å vere til stades under heile kontrollen får du normalt lov til det, men ikkje dersom det fører til urimelege forseinkingar eller vanskar. Du får heller ikkje lov dersom vi har behov for å halde kjelder og metodar som gjeld kontrollverksemda hemmeleg.
Klage på tollkontroll
Om du opplever noko kritikkverdig under kontrollen, kan du sende ei klage til oss. Hugs at konfidensielle personopplysningar ikkje skal sendast via e-post eller kontaktskjema.
For at vi skal kunne undersøke forholdet og sikre konfidensialitet, ber vi om at du oppgir følgande informasjon i klaga:
- Namnet og postadressa di
- Tid og stad for kontrollen
Dersom du klagar på vegner av ein annan, treng vi ei fullmakt og kopi av legitimasjon frå den du skal representere.
Slik klagar du på ein tollkontroll
Send oss e-post
Du kan også klage ved å sende brevpost til:
Tolletaten,
Postboks 2103
Vika, 0125 Oslo
Oppdatert: 13.8.2026