Taxfree for turistar i Noreg

Taxfree for turistar i Noreg

Du kan få tilbakebetalt meirverdiavgift (mva.) når du kjøper varer i Noreg og tek dei med deg ut av landet. Dette gjeld berre for deg som er busett i utlandet.

Det er ikkje Tolletaten som betaler tilbake meirverdiavgift (mva.). Spør butikken du handlar hos korleis du kan få tilbakebetalt norsk mva.

Korleis du får tilbakebetalt mva., kjem an på kvar du er busett.

Busett i Sverige, Danmark eller Finland

Kvar vare må koste minst 1 000 kroner utan mva.

Slik får du tilbakebetalt meirverdiavgift:

  • Betal mva. til butikken du kjøper frå i Noreg.
  • Stans i tollen når du kjem til landet du bur i.
  • Deklarer vara og betal mva. der.
  • Send kvittering for deklarasjonen (fortollinga) til butikken i Noreg.
  • Få mva. tilbakebetalt når butikken har mottatt kvitteringa.

Busett i andre land enn Sverige, Danmark og Finland

Kvar faktura må vere på minst 250 kroner utan mva.

Er du på Svalbard eller Jan Mayen, må kvar vare koste minst 1 000 kroner utan mva.
Du må betale mva. til den du kjøper vara frå i Noreg.

Det finst to alternativ for å få tilbakebetalt mva.:

1. Attest frå Tolletaten ved utførsel av varer

Denne ordninga krev at du bruker Tolletaten sitt skjema når du kjøper vara. Skjemaet blir fylt ut av seljar (butikken).

Skjema for tilbakebetaling av meirverdiavgift

  • Sørg for at det ikkje har gått meir enn éin månad frå du fekk vara til du tek ho med ut av landet.
  • Ta med vara og utfylt skjema når du reiser ut av Noreg.
  • Reis ut via ein bemanna grenseovergang.
  • Vis fram vara til Tolletaten, slik at vi kan stadfeste utførselen. Tolletaten kan ikkje stadfeste utførselen etter at du har reist ut.
  • Send det attesterte skjemaet til butikken der du handla vara
  • Få mva. refundert når skjemaet er mottatt.

Oversikt over tollstader og opningstider

Oslo lufthamn Gardermoen og grenseovergangane Svinesund, Ørje, Eda, Helligskogen og Kivilompolo er alltid bemanna. Du kan få attest hos Tolletaten i Longyearbyen etter at du har tatt vara med til Svalbard.

2. Taxfree (utan attest frå Tolletaten)

Nokre butikkar samarbeider med private selskap (til dømes Global Blue og Planet) om tilbakebetaling av mva. Ordninga gjeld for deg som bur i utlandet og tar med deg varer ut av Noreg

  • Du får mva. tilbake ved utreise gjennom ein representant for det private selskapet.
  • Du får eigne salsdokument når du kjøper vara.
  • Desse dokumenta skal ikkje stemplast eller attesterast av Tolletaten.

Oppdatert: 19.6.2026