Destruksjon av ulovlege tobakks- og nikotinprodukt
Tolletaten og Helsedirektoratet har etablert ei ordning for destruksjon av tobakks- og nikotinprodukt som det er forbode for privatpersonar i Noreg å få tilsendt frå utlandet.
Dersom Tolletaten mistenker at ei sending inneheld ulovlege tobakks- eller nikotinprodukt, kan sendinga bli halden tilbake. Mottakaren får då høve til å dokumentere at varene er lovlege.
Dersom dette ikkje blir gjort innan fristen, kan varene bli beslaglagt og destruerte.
Les meir om korleis Tolletaten, fraktselskapa og Helsedirektoratet handterer ulovlege tobakks- og nikotinprodukt i sendingar til privatpersonar i Noreg, inkludert Svalbard og Jan Mayen.
Slik handterer vi ulovlege tobakks- og nikotinprodukt
Rutinebeskriving for destruksjon av ulovlege tobakks- og nikotinprodukt (35 kB)Førehandsvarsel til varemottakar (norsk versjon) (45 kB)Førehandsvarsel til varemottakar (engelsk versjon) (42 kB)Kva seier regelverket?
Oppdatert: 31.8.2026