Forbod mot privat innførsel av tobakks- og nikotinprodukt i sendingar
Det er forbode for privatpersonar å bestille røyk, snus, e-sigarettar/vape og andre tobakks- og nikotinprodukt frå utlandet.
Forbodet gjeld alle måtar å bestille frå utlandet på, som for eksempel netthandel. Eit sal blir rekna som «grensekryssende fjernsal» når kjøpar og seljar er i ulike land på bestillingstidspunktet.
- Sigarettar
- Snus
- Vape/e-sigarettar med nikotin
- E-væske med nikotin
- Sigarar
- Andre tobakksprodukt
- Nikotinsnus (utan tobakk)
- Oppvarma tobakksprodukt (HTP)
- Vasspipetobakk
- E-sigarettar og e-væske utan nikotin med karakteristisk aroma
- Etui, esker, omslag, innpakningar og andre produkt som heilt eller delvis skjuler helseåtvaringane på produkta
- Urteprodukt og snus utan tobakk og nikotin
- E-sigarettar og e-væske utan nikotin med tobakkssmak
Du kan og importere e-sigarettar/vape og e-væske med nikotin til bruk ved røykeavvenning, dersom krava i legemiddellovgivinga er oppfylte.
Kva betyr forbodet i praksis
Forbodet gjeld for alle som ikkje har løyve til å innføre tobakksvarer til Noreg. I praksis betyr det privatpersonar.
Bryt du reglane, kan Tolletaten halde tilbake, ta beslag i og destruere varene. Du får ikkje erstatning for varer som blir øydelagt.
Oppdatert: 31.8.2026