Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.
Elektriske køyretøy
Ved import av elektriske køyretøy gjeld eigne reglar for meirverdiavgift og eingongsavgift. Her finn du informasjon om kva avgifter du må betale og kva fritak som gjeld.
Elektriske køyretøy med verdi på inntil 300 000 kroner er fritekne for meirverdiavgift.
Dersom verdien overstig 300 000 kroner, skal du betale 25 prosent meirverdiavgift av beløpet som overstig dette. Dette gjeld både nye og brukte køyretøy som ikkje tidlegare har vore registrert i Noreg.
Dei same reglane for meirverdiavgift gjeld for trolleybussar, for eksempel dei som går i fast rute i Bergen.
Du må betale meirverdiavgift ved innførsel av:
- elektriske rullestolar
- motoriserte sparkesyklar
- elektriske køyretøy som blir brukte innandørs på flyplassar
- elektriske køyretøy som blir brukte på golfbaner
- hybridbilar som har både forbrenningsmotor og elektrisk motor
Delavgift i eingongsavgifta
Elektriske personbilar i avgiftsgruppe A er omfatta av ein vektbasert delavgift i eingongsavgifta.
For vekt over 500 kg blir det berekna avgift med 12,71 kroner per kg.
Elektriske personbilar er ikkje omfatta av den ordinære eingongsavgifta, men berre av den vektbaserte delavgifta.
Dette gjeld både batteridrivne køyretøy og brenselcellekøyretøy (hydrogenbilar).
Les meir om eingongsavgifta hos Skatteetaten
Fritak frå meirverdiavgift
Hovudregelen er at du skal betale meirverdiavgift ved innførsel av varer. I enkelte tilfelle kan du få fritak. Det er ditt ansvar som importør å dokumentere at vilkåra for fritaket er oppfylte.
Oppdatert: 19.8.2026