Bil, båt eller anna kjøretøy til reparasjon eller service i utlandet
Dersom du tek med bilen, båten eller eit anna kjøretøy til utlandet for reprarasjon eller service, må du betale meirverdiavgift av tenesta når båten eller køyretøyet kjem tilbake til Noreg.
Reiser du sjølv med bilen eller båten, gjeld verdigrensa for reisande. Verdigrensa for avgiftsfri innførsel av varer til Noreg er 6000 kroner dersom du har vore i utlandet i meir enn 24 timar, og 3000 kroner dersom opphaldet har vart mindre enn 24 timar.
Dersom reparasjonen eller servicen kostar meir enn verdigrensa, må du betale 25 prosent meirverdiavgift (mva) av heile beløpet. Dette omfatter også eventuelle fraktkostnadar.
Før du reiser ut fra Noreg
Du treng normalt ikkje registrere mellombels utførsel hos Tolletaten dersom du køyrer bilen ut av landet sjølv eller tek med ein norsk registrert bil eller båt på tilhenger.
Vi tilrår likevel at du sjekker med tollmyndigheitene i landet der reprasjonen eller servicen skal utførast. Nokre land kan krevje dokumentasjon på at bilen eller båten er mellombels utført frå Noreg.
Dersom du treng slik dokumentasjon, kan du få ein mellombels utførselsdeklrasjon ved eit tollkontor utan kostnad.
Fraktar du ein uregistert bil (tidlegare registrert i Noreg) på tilhengar, må du ha ein utførselsdeklarasjon.
Når bilen eller båten skal inn i reparasjonslandet
Du må undersøkje kva reglar som gjeld i landet der reparasjonen eller servicen skal utførast. Nokre land kan krevje at du stiller eit depositum eller følgjer særskilde tollprosedyrar når du fører bilen eler båten inn i landet.
Når bilen eller båten skal tilbake til Noreg
Før du forlèt reparasjonslandet, bør du undersøkje kva krav som gjeld for gjenutførsel der.
Når du kjem tilbake til Noreg, skal du kunne dokumentere kostnadene for reparasjon eller servicen.
Du slepp å betale meirverdiavgift dersom summen av reparasjons- eller servicekostnadene og eventuelle andre varer du har kjøpt i utlandet, ikkje overstig verdigrensa.
Dersom verdien overstig verdigrensa, må du stoppe på raud sone.
Du skal då betale 25 prosent meirverdiavgift av heile reparasjons- eller servicekostnaden, inkludert eventuelle fraktkostnader.
Dersom du brukar transportør
Brukar du ein profesjonell transportør til å frakte bilen elle båten, skal transportør kjenne og følgje dei aktuelle tollprosedyrene.
Refusjon av utanlandske avgifter
Dersom du kan ha krav på refusjon av utanlandske avgifter, for eksempel meirverdiavgift, må du ta dette direkte med verkstaden eller dei lokale styresmaktene. Tolletaten kan ikkje hjelpe med slike refusjonar.
Oppdatert: 19.8.2026