Import av hund fra utlandet

Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Import av hund

Vurderer du å importere hund til Noreg? Set deg inn i reglane som gjeld. Noreg har eit strengt regelverk som regulerer privat og kommersiell import av hund.

Regelverket om privat og kommersiell import av hund, og meir informasjon om korleis du importerer hund til Noreg, finn du på www.mattilsynet.no(åpner i ny fane) og via Mattilsynet sin veileder for import av hund(åpner i ny fane).

Unngå smuglarhundar

Regelverket som regulerer import av hund er der for å beskytte både dyr og menneske. Når ventetida for å kjøpe hund hos ein norsk oppdrettar er lang, søker mange etter hund via norske markedsplassar på nett og europeiske nettsider. Her må du vere obs på at mange av hundane, sjølv om du kjøper dei i Noreg, i realiteten kan vere smuglarhundar. Dette gjeld også hundar du kjøper frå Sverige.

Mange av nettsidene som sel slike hundar framstår som svært profesjonelle. Sidene har fine bilde av kvalpar og tisper og lovar at du får kvalpen med chip, vaksinasjonssertifikat og stamtavle. Dessverre er desse dokumenta ofte falske, og kvalpen du ser på bildet eksisterer ikkje. Dersom du i det heile tatt får ein hund etter ein slik handel, kan det vere ein heilt annan rase enn det du har bestilt. Sjølv om sida framstår som truverdig og bilda av hundane er gode, er det viktig å vere kritisk.

Kvalpefabrikkar for populære rasar

Smuglarhundar er ofte masseproduserte på såkalla «kvalpefarmar» i utlandet. Her lever hundane under forferdelege forhold, og tispene før kull etter kull med kvalpar. Kvalpane blir selt billig for smugling til Noreg og andre land. Kvalpane som blir selt blir ofte dopa ned, bundne, og deretter gøymde ombord i fly og køyretøy. Ofte døyr mange av kvalpane under transporten, eller dei er så sjuke eller skadde at dei må avlivast når dei kjem til Noreg.

Dei hunderasane som er mest utsette for slik dyremishandling er populære smårasar som f.eks.; chihuahua, mops, fransk bulldog, Jack Russel-terrier, pomerianer og diverse puddelvariantar.

Smuglarkvalpar kan ha sjukdommar som er farlege for menneske, dyr og miljø

Det er mange helsefarar knytt til det å kjøpe ein smuglarhund. Noreg har derfor eit regelverk som er laga for å hindre at sjukdommar som rabies og dvergbendelorm spreier seg. Begge desse sjukdommane er livsfarlege for menneske. Rabies er 100 prosent dødeleg dersom du ikkje får behandling før du får symptom. Dvergbendelorm kan smitte via hundar til menneske med potensielt dødeleg utfall, og er også svært resistente når dei kjem ut i naturen. Dvergbendelormen sine egg kan overleve i eitt år ute i naturen og du kan risikere å bli smitta gjennom for eksempel bærplukking i eit område som har vore utsett for parasitten. Derfor er det svært alvorlig dersom sjudommen blir introdusert til norsk fauna.

Forbodne hundar og hunderasar

Det er forbode å innføre enkelte hunderasar til Noreg. Sæd eller embryo frå desse rasane er det òg forbode å innføre. Forbodet gjeld òg blandingar der ein eller fleire av desse rasane er med, uansett blandingsforhold. Hundetypar som er ei blanding av hund og ulv blir òg rekna som farlege hundar, uansett blandingsforhold.

Like eins er det, uansett rase, forbode å innføre hundar som er spesielt aggressive, kampvillige og uthaldande, og som på grunn av desse eigenskapane er farlege for menneske og dyr.

Sjekkliste for kjøp av hund i Noreg og utlandet

  • Besøk oppdrettaren og be om å få sjå mora til kvalpen og forholda der hunden vaks opp.
  • Krev dokumentasjon og bevis for vaksinasjonar.
  • Spør om referansar frå tidlegare kjøparar og kontakt desse
  • Ta kontakt med raseklubben via www.NKK.no(åpner i ny fane) og spør om råd
  • Ikkje kjøp frå «mellommenn», men direkte frå oppdrettar/dyrebeskyttelsen
  • Kjøp aldri ein hund usett
  • Ikkje betal depositum før du har sett hunden
  • Ver skeptisk dersom du kan få hunden raskt og billig
  • Ver kritisk til dokumentasjon – denne kan vere falsk

Kva seier regelverket

Hundeloven om farlege hundar(åpner i ny fane)

Forskrift om hundar(åpner i ny fane)

Mattilsynet om hund(åpner i ny fane)

Oppdatert: 31.8.2026