We’re sorry — this page hasn’t been translated into English. Need assistance or can’t locate what you’re looking for? You can reach our customer service center here.
Kommersiell import av dyr
Om du skal importere dyr i næringsverksemd må du følge reglane for kommersiell import.
Undersøk Mattilsynet sine reglar
Import av dyr er strengt regulert, og regelverket er stadig i endring. Du må sette deg inn i reglane som gjeld for import av dyr generelt, og for den aktuelle arten spesielt. Nokre av reglane er felles med EU, medan andre er spesielle for Noreg.
Les meir om import av dyr hos Mattilsynet
Du må registrere deg hos Mattilsynet
Du som er importør skal registrere deg via skjematenestene til Mattilsynet.
Du må være registrert i TRACES
Ved handel innen EU/EØS med levande dyr, og dersom du skal importere dyr frå tredjeland (land utanfor EU/EØS-området), må du være registrert i ein felles EU-database kalla TRACES.
Les meir om TRACES hos Mattilsynet.
Kommersiell eller privat import
Reglane for kommersiell import kan også bli gjeldande for privatpersoner dersom andre enn dyreeigar sjølv reiser med dyret, eller fleire enn fem dyr skal vere med på reisa. Reglane for kommersiell import er strengare enn reglane for privat reise med eigne kjæledyr, så det er viktig å vere sikker på kva for nokre av reglane som gjeld for deg.
Les meir hos Mattilsynet:
Oppdatert: 12.6.2026