Ferie med hest
Skal du reise med hesten din til utlandet, eller ta han med på ferie til Noreg? Då må du køyre på raud sone ved innreise til Noreg og vise fram hest og dokument til Tolletaten.
Før reisa
Før du reiser med hesten må du undersøke med Mattilsynetkva for nokre reglar som gjeld.
Ver merksam på at det kan vere andre reglar i landet du reiser til. Du må sjekke med myndigheitene i landet du reiser til, kva reglar som gjeld der.
Hest som reisegods
Som turist i Noreg kan du ta med hesten din som reisegods under ferieopphaldet. Det gjeld ikkje dersom du bruker hesten i næringsverksemd.
Les meir her: Innførsel av levende hester medbrakt som reisegods
Ved grensepassering
Når du tar med hesten din som reisegods til utlandet treng du ikkje å deklarere han ut av Noreg. Ved innreise til Noreg treng du heller ikkje deklarere hesten, men du må likevel køyre på raudt og uoppfordra vise fram hest og dokument til Tolletaten.
Sjølv om Tolletaten ikkje krev deklarasjon for dette, så kan det hende landet du reiser til gjer det. Du må sjekke med myndigheitene i landet du reiser til kva reglar som gjeld der.
Oppdatert: 4.6.2026