We’re sorry — this page hasn’t been translated into English. Need assistance or can’t locate what you’re looking for? You can reach our customer service center here.
Avgifter ved gjeninnførsel av hest til Noreg
Dersom du har hesten din med til utlandet for trening eller anna bearbeiding, må du betale tollavgift og meirverdiavgift (mva.) når du kjem tilbake til Noreg. For å unngå å betale full tollavgift på hesten, må du ta han med tilbake innan eitt år. Dersom hesten kjem frå eit EU-land og du har gyldig opphavsbevis frå EU, slepp du å betale tollavgift. Du må framleis betale meirverdiavgift.
Gjeninnførsel av hest etter trening i utlandet
Sender du hesten din til utlandet for trening, bli han rekna som endra (bearbeidet) ved gjeninnførselen. Du må betale tollavgift og meirverdiavgift (mva.) av kostnadene du har hatt for det som er gjort med hesten og for fraktkostnadene fram og tilbake.
Dersom hesten skal bli trent heile perioden, skal kostnadene som kjem frå første dag i utlandet vere med i berekningsgrunnlaget for tollavgift og meirverdiavgift.
Dersom hesten er i rein oppstalling før han skal over i trening, er det kostnadene frå den augeblinken treninga startar, som skal vere med i berekningsgrunnlaget for tollavgift og meirverdiavgift. Uavhengig av kor lenge etter utførselen treninga startar, skal også fraktkostnadene til utlandet vere med i berekningsgrunnlaget.
Med kostnader meiner vi dei utgiftene du har i forbindelse med treningsopphaldet for hesten i utlandet. Relevante utgifter i tillegg til det du betaler for treningstimane, kan for eksempel vere utgifter til fôring, veterinærbehandling, stell av hesten eller leige av stallplass.
Gjeninnførsel av hest etter veterinærbehandling i utlandet
Sender du hesten din til utlandet for veterinærbehandling, blir han rekna som ei vare som blir gjeninnført etter reparasjon. Tollavgift og meirverdiavgift blir rekna ut basert på alle kostnader knytt til behandlinga og fraktkostnadene fram og tilbake.
Med veterinærbehandling meiner vi for eksempel at hesten får medisin under behandlinga, eller at det blir gjort kirurgiske inngrep. Kostnadene som kjem til i utlandet skal vere med i berekningsgrunnlaget, uavhengig av om behandlinga fekk det forventa resultatet eller ikkje.
Behandling som kun inneber undersøking, det vil seie at det ikkje blir gjort noko med hesten i form av medisinering eller operative inngrep, fell utanfor avgiftsplikta. Ei slik undersøking blir rekna som kjøp av ei teneste i utlandet. Det er berre når tenesta er knytt til ei faktisk behandling eller endring (bearbeiding), at du må betale tollavgift og andre avgifter ved gjeninnførselen.
Gjeninnførsel av hest etter inseminering/bedekning i utlandet
Utfører du ein hingst midlertidig til utlandet for å benytte denne i avlssamanheng, kan du gjeninnføre hesten til Noreg som vare i uforandra stand. Då skal du ikkje betale tollavgift. I slike tilfelle treng du heller ikkje å betale meirverdiavgift.
Utfører du ei hoppe midlertidig til utlandet for bedekning/inseminering, blir dette rekna som ei form for endring (bearbeiding). Ved gjeninnførsel til Noreg må du då betale tollavgift og meirverdiavgift av kostnadene som har kome til i utlandet, inkludert transportkostnadene.
Berekningsgrunnlaget vil vere alle kostnader i utlandet knytt til bedekninga/insemineringa, inkludert kostnader knytt til eventuelle mislukka forsøk. Med kostnader meiner vi alle kostnader knytt til bedekninga og utgifter til sprangavgift og følavgift. Oppstallingskostnader tilknytt bedekninga skal òg vere med i berekningsgrunnlaget.
Dersom hoppa skal vere på oppstalling i utlandet etter bedekninga, fram til det er konstatert at bedekninga er vellukka, skal også oppstallingskostnadene for dette tidsrommet vere med i berekningsgrunnlaget.
Dersom det blir konstatert at første bedekningsforsøk ikkje lukkast, og det skal gjerast eit nytt forsøk mens hoppa er i utlandet, skal kostnadene knytt til det første forsøket også vere med i berekningsgrunnlaget.
Følavgift ved levandefødt føl
Følavgifta ved levandefødt føl skal vere med i berekningsgrunnlaget ved gjeninnførselen etter bedekninga. Dersom det er eit mislukka bedekningsforsøk, og det blir gjort eit nytt forsøk mens hoppa er i utlandet, skal følavgifta berre bli tatt med i berekningsgrunnlaget éin gong. Du må kunne dokumentere at du har inngått ein avtale med eigar av hingsten om at du berre skal betale følavgift etter at det er konstatert levandefødt føl. Dette gjeld også i dei tilfella der hoppa må sendast til utlandet for eit nytt forsøk på bedekning.
Du må også dokumentere om du skal betale sprangavgift til eigaren av hingsten éin gong, eller for kvart forsøk. Dersom du må betale sprangavgift kvar gong ei bedekning skjer, uavhengig av resultatet, skal avgifta også vere med i berekningsgrunnlaget.
Gjeninnførsel av hoppe som har fått føl i utlandet
Tar du med deg ei drektig hoppe til utlandet, kan du gjeninnføre hoppa avgiftsfritt til Noreg. Tilsvarande blir det gitt avgiftsfritak for følet dersom du innfører det saman med hoppa. For å oppnå avgiftsfritak må du som eigar av hoppa vere busett i Noreg.
Ved gjeninnførsel av hesten, må du kunne dokumentere at du har utført ei drektig hoppe og at følet er avkommet til den utførte hoppa.
Føresetnaden for avgiftsfritaket, er at du innfører følet til Noreg saman med hoppa innan rimeleg tid etter fødselen. Det betyr at avgiftsfritaket for følet heile tida må vurderast i samanheng med at hoppa blei sendt til utlandet for å få føl, for så å bli gjeninnført saman med følet etter fødselen. Opphaldet i utlandet må ikkje framstå som ei langvarig oppstalling for hoppa og ein vekstsituasjon for følet etter fødselen. Innførselen til Noreg igjen må dermed skje så fort det er forsvarleg, basert på ei medisinsk vurdering av dyra.
Gjeninnførsel av hest etter oppstalling i utlandet
Dersom du gjeninnfører hesten i uforandra stand, treng du ikkje å betale tollavgift. Føresetnaden for at du kan gjeninnføre ein hest som ei vare i uforandra stand etter oppstalling i utlandet, er at oppstallinga framstår som ei ren oppbevaring av hesten. Fôring og vanleg daglig stell, blir ikkje sett som ei endring (bearbeiding). Dersom ein hest for eksempel skal på oppstalling i ein periode han er i vekst, vil det framleis bli rekna som ei rein oppstalling, sidan det er naturleg vekst.
Dersom det er same importør og eksportør av hesten, blir det òg gitt fritak for meirverdiavgift. Vilkåret om at det må vere same person som utfører og innfører hesten gjeld ikkje dersom du kan dokumentere at hesten tidlegare er ferdig belasta for meirverdiavgift i Noreg.
Innførselsmeirverdiavgift for registrerte mva.-pliktige
Registerte meirverdiavgiftspliktige skal berekne innførselsmeirverdiavgifta på mva.-meldinga til Skatteetaten.
Oppdatert: 19.6.2026