Hest som skal bli trent, behandla av veterinær eller bedekt

Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Hest som skal bli trent, behandla av veterinær eller bedekt

Skal du ta med ein hest inn eller ut av Noreg for trening, veterinærbehandling eller bedekning? Då må du stoppe på grensa og deklarere hesten ved både ut- og innreise.

Når ein hest har vore i utlandet for trening eller annan aktivitet, må det betalast tollavgift og meirverdiavgift når hesten skal tilbake til Noreg.

Les meir om tollavgift og andre avgifter ved gjeninnførsel av hest til Norge

Helsekrav må vere oppfylt

Før du reiser med hesten må du undersøke kva for nokre reglar som gjeld. Det er Mattilsynet(åpner i ny fane)som kan svare på dette.

Du må deklarer hesten både når du reiser ut av Noreg og inn til Noreg.

Ved grensepassering

Du må nytte deg av ein open og bemanna grenseovergang ved grensepassering, både ved utreise og innreise til Noreg. Du må køyre på raud sone og vise fram hest og dokument til Tolletaten.

Oppdatert: 4.6.2026