Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.
Reise med dyr
Skal du reise med dyr, må du sette deg inn i gjeldande reglar – både for korte turar til Sverige, og lengre opphald i utlandet. Reglane gjeld òg for turistar som kjem til Noreg.
Før reisa
Du må undersøke med Mattilsynet kva reglar som gjeld. Det kan vere krav om ID-merking, pass, ormekur eller rabiesvaksine som må ordnast i god tid før reisa.
Om du skal reise med hund, katt eller ilder finn du reglane som gjeld her:
Mattilsynets vegvisar for reise med kjæledyr
Det er eigne reglar for desse dyra:
Reglane gjeld for reise med eigne dyr
Ver merksam på at reglane for privat reise med kjæledyr gjeld for reise med eigne dyr.
Les meir hos Mattilsynet:
Derfor må du som hovudregel reise sjølv med dyret.
Ved grensa
Når du kjem til Noreg med dyr frå utlandet skal du gå på raud sone, og vise fram dyret og dokument til Tolletaten.
Om du reiser med dyret direkte frå eit , kan du berre kome via Oslo lufthamn Gardermoen eller via Storskog (Kirkenes).
Om du allereie har passert inn til EU/EØS via en godkjend grensekontrollstasjoni eit anna land, kan du nytte andre grenseovergangar ved innreise til Noreg.
Reise til Noreg frå Sverige med hund
Dersom hunden har vore med til Sverige, må alle helsekrav vere oppfylte ved innreise til Noreg igjen. Hunden må vere ID-merka med microchip og ha kjæledyrpass med dokumentert behandling mot parasitten revens dvergbendelorm.
Om du er sikker på at helsekrava er i orden, kan du krysse grensa inn til Noreg på grøn sone eller ubemanna grenseovergang. Det gjeld ikkje om du har kjøpt hunden i Sverige og skal importere han til Noreg, eller kjem med fly. Då må du gå på raud sone.
Privat reise mellom Sverige og Noreg med hund hos Mattilsynet
Om du ikkje følger reglane
- Tolletaten kontaktar Mattilsynet dersom det blir avdekt brot på helsereglane
- Det er Mattilsynet som avgjer kva som skal skje vidare
- Du må betale eventuelle kostnader
Les meir hos Mattilsynet: Kva skjer om du reiser med kjæledyr til Noreg utan å oppfylle krava?
Oppdatert: 4.6.2026