Etterdeklarering av varer for private

Etterdeklarering av varer for private

Har du innført eller motteke varer som skulle vore deklarerte for Tolletaten, må du sende ein eigen søknad om å få etterdeklarere varene. Dette gjeld òg dersom du skal selje ei vare i Noreg som skulle vore deklarert allereie då ho vart importert.

Eksempel på varer kan vere:

  • klokker
  • klede
  • mobiltelefonar
  • smykke
  • bilar
  • båtar

Slik søkjer du

Send søknaden til post@toll.no og merk han med: søknad om etterdeklarering for private.

Dokumentasjon du må leggje ved

Du må leggje ved faktura, kjøpekontrakt eller kvittering for kjøpet, og annan dokumentasjon som stadfestar kva som er innført til Noreg og kva verdi varene har. Det må òg gå fram av dokumentasjonen at du er rettmessig eigar.

Du må leggje ved all dokumentasjon, saman med kopi av gyldig legitimasjon.

Søknaden må innehalde informasjon om:

  • Kven du er
  • Kva vare(r) det gjeld
  • Kva verdi vara har
  • Når vara vart importert
  • Kvifor vara ikkje vart deklarert ved import
  • Kven som importerte vara, dersom det ikkje var deg

Dersom søknaden blir innvilga etter at saka er behandla, får du eit vedtak med informasjon om kvar du skal møte opp for å deklarere (fortolle) vara. Du får òg eit vedtak dersom søknaden blir avslått.

Du må vere merksam på at det er eit krav at varene kan leggjast fram ved endeleg deklarering (fortolling).

Brot på plikter etter vareførselslova og tollavgiftslova – sanksjonar

Når varer ikkje blir deklarerte ved innførsel eller utførsel, inneber dette eit alvorleg brot på deklarasjonsplikta etter høvevis kapittel 3 (åpner i ny fane)og kapittel 5 i vareførselslova. (åpner i ny fane)Tolletaten vurderer, som i alle andre tilfelle der varer ikkje blir deklarerte ved innførsel eller utførsel, om det skal ileggjast sanksjonar.

I samsvar med forvaltningslova blir det sendt eit særskilt varsel i etterkant dersom det er aktuelt å ileggje sanksjonar.

Oppdatert: 14.9.2026