Eksport av fisk til EU
Det er dei forskjellige avtalane med EU som regulerer tollavgiftssatsen.
Den preferensielle handelen med fisk og sjømat med EU er i hovudsak regulert av følgande avtalesett:
- Protokoll 9 i EØS-avtalen av 1994
- Det såkalla "fiskebrevet" frå 1973 med seinare endringar
- Tilleggsavtalar til handelsavtala frå 1973 (Kompensasjonsavtalane)
- GATT-kvotar
EØS-avtalen er i dag den viktigaste avtalen som regulerer samhandelen mellom Noreg og EU.
Reglane i EØS-avtalen som regulerer handelen med fisk og sjømat, er tekne inn i Protokoll 9, medan opphavsreglane finst i PEM-konvensjonen. Fiskebrevet har egne opphavsreglar, blant anna må alle offiserar, skipsførar og minst 75 % av mannskapet kome frå Noreg eller eit EU-land.
- Les meir om fiskebrevet, kompensasjonavtalane og protokoll 9
- Les meir om GATT-kvotar
- Les meir om autonome kvotar
Opplysning om opphavslandet
Ønskjer du å bruke dei autonome kvotane i EU og/eller WTO (GATT-kvotar) for fisk og anna sjømat, er det EUs nasjonale ikkje-preferensielle opphavsreglar som gjeld.
Stadfesting av preferansetollbehandling skal skje etter desse retningslinene:
- Brukast ein av kvotane fastsett i ein av kompensasjonsavtalane eller fiskebrevet skal "Noreg" oppgjevast som opphavsland.
- Brukast Protokoll 9 til EØS-avtalen skal "EØS" oppgjevast som opphavsland.
I kompensasjonavtalane har EU gitt tollavgiftsfrie kvotar for fisk med norsk opphav. Under Protokoll 9 er det inga kvoteavgrensing, men for enkelte fiskeslag er det berre ein reduksjon av ordinær tollavgift.
Oppdatert: 27.11.2025
Endringskommentar: Oppdatert