Fiskekvote når du reiser frå Noreg
Reglar for turistar som vil ta med fisk ut av Noreg.
Nye reglar for turistfiske frå 1. januar 2026
- 12-årsgrense for å bruke utførselskvote.
- Påbod om dagleg fangstrapportering for turistfiskebedrifter.
- Rapportering må vere levert før utførselsdokumentasjon kan skrivast ut.
- Det blir innført forskriftsfesta minimumskrav til innhald i utførselsdokumentasjon
- Utførselsdokumentasjonen blir skriven ut til kvar enkelt turistfiskar som skal føre fisk ut av landet.
- 1. januar 2026: 15 kg per person, maks to gonger i året.
Frå 2027 vil kvoten bli redusert:
- 1. januar 2027: 10 kg per person, maks to gonger i året.
Som turist kan du ta med deg 15 kilo fisk som er fiska i regi av ei turistfiskeverksemd. Verksemda må vere registrert hos Fiskeridirektoratet. Du kan ta med kvoten ut av landet inntil to gonger per år.
Med turist meiner vi privatpersonar som ikkje har fast bustad i Noreg.
Kvoten gjeld per person over tolv år. Du må ta med deg kvoten personleg ved utreise, og du kan ikkje ta med fisk for andre som ikkje reiser saman med deg.
I kvoten inngår fisk og tillaga produkt som fiskefilet og liknande. Med fisk meiner vi i denne samanheng fisk, skaldyr, blautdyr, pigghuder med meir. Kongekrabbe, laks, aure (ørret), røye eller anna ferskvassfisk er ikkje omfatta av forskrifta.
Kvoten omfattar alt turistfiske i Noregs indre farvatn, sjøterritorium og økonomiske sone utanfor fastlandet, så lenge fisket ikkje er næringsretta.
Forskrift om utførselsregulering av fisk og fiskevarer fra sportsfiske
Denne dokumentasjonen må du ha
Når du tar fisken ut av landet, må du som reisande kunne dokumentere at fisken er fanga i regi av ei registrert turistfiskeverksemd. Utførselsdokumentasjonen blir utferda til den enkelte turistfiskar som skal føre fisk ut av landet.
Dette må utførselsdokumentasjonen innehalde:
- Namn, fødselsdato og bustadsadresse til den som fører ut fisken
- Navn, adresse for besøk og organisasjonsnummer til den registrerte turistfiskeverksemda
- Tidsrom for opphald og fiskeperiode
- Dato for utferding
- Namn, kontaktinformasjon og signatur frå ansvarleg person hos verksemda
Det er ikkje anledning til å utferde dokumentasjon til grupper. Personen som er oppført i dokumentet må vere med når fisken blir ført ut av landet.
Forskrifta gjeld ikkje for fangst av:
- Fisk som er fiska på eiga hand (for eksempel på telttur eller liknande)
- Kongekrabbe
- Laks
- Aure
- Røye
- Anna ferskvassfisk
Unntak
- Fisk eller fiskevarer som du har kjøpt i Noreg kan du ta ut av landet dersom du kan dokumentere at fisken eller fiskevarene er kjøpt frå ein registrert næringsdrivande.
- Med registrert næringsdrivande meiner ein verksemder som er registrerte som næringsdrivande i Brønnøysundregistera. Det kan vere daglegvarebutikkar, fiskebutikkar, eller likna verksemder.
- Fisk som er fiska frå eit merkeregistrert fartøy og overtatt frå fartøyeigar kan du ta ut av landet, så lenge du kan dokumentere det med å vise fram sluttsetelen.
- Laks, aure, røye og ferskvassfisk som du sjølv har fiska kan du ta ut av landet.
Les meir om laksefiske på nettsidene til Miljødirektoratet
Verdigrense på 5000 kroner
Dersom du tek med deg varer for over 5000 kroner per person, må du deklarere dei til Tolletaten ved grensepassering. Dette gjeld også fisk og fiskevarer, og du må sjølv sørge for at varene blir tollklarerte.
Les meir om deklarering ved eksport
Dersom Tolletaten oppdagar at du prøver å utføre meir fisk eller fiskevarer enn lovlege kvote, blir all fisk beslaglagt. Saka blir meldt til politiet med påstand om inndraging.
Oppdatert: 8.6.2026
Endringskommentar: Innhaldet på sida blei oppdatert 3. juni 2026 i tråd med gjeldande regelverk. Tidlegare har sida innehalde feil informasjon om utførsel av fisk ved turistfiske, mellom anna om kva regler som gjeld for personar busette i Noreg, og kva som er forbode og kva unntak som gjeld. Dette er no retta opp.