Legemiddel i sendingar
Privatpersonar kan ikkje importere legemiddel i sendingar. Dette gjeld både reseptfrie og reseptpliktige legemiddel.
Du kan derfor ikkje bestille legemiddel frå utanlandske nettbutikkar og få dei sende til Noreg.
Sendingar som inneheld legemiddel, kan bli stoppa i tollkontroll. Legemiddel som er importerte i strid med regelverket, kan bli beslaglagde og destruerte av Tolletaten.
Regelverket skal bidra til å hindre feil bruk av legemiddel og verne forbrukarar mot falske og ulovlege produkter.
Meir informasjon
Kva seier regelverket?
Oppdatert: 4.8.2026