Legemiddel på utanlandsreise
Når du reiser til eller frå Noreg kan du ha med deg legemiddel til eige bruk. Kor mykje du har lov til å ha med deg, avheng av kva type medisin det er og kor du reiser til og frå.
Når du skal ha med deg legemiddel på reise, er det viktig at du set deg inn i reglane for landet du reiser til.
Det gjeld ulike reglar avhengig av kvar du reiser. Reglane er ulike om du reiser til eller frå Noreg, innanfor EØS, eller til og frå land utanfor EU/EØS.
Reglane varierer også etter kva type medisin det er. Det er dessutan forskjell på kva du kan ta med deg på reise sjølv og kva du kan få tilsendt frå utlandet.
Det er Direktoratet for medisinske produkter (DMP) som er ansvarleg for regelverket om medisinar.
Les meir hos Direktoratet for medisinske produkter (DMP) om å reise med legemiddel
Tolletaten kan be deg dokumentere at du følger reglane. Du kan bli bedt om å vise fram ein resept eller ei legeerklæring.
Relatert innhald
Oppdatert: 19.6.2026