Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.
Plantevernmiddel
Plantevernmiddel er underlagt eigne reglar ved innførsel til Noreg. Verksemder som skal importere plantevernmiddel, må registrere seg hos Mattilsynet. Privatpersonar har ikkje lov til å innføre, bestille eller ta med seg plantevernmiddel til Noreg.
Reglar for innførsel av plantevernmiddel
Verksemder som importerer plantevernmiddel, må vere registrerte hos Mattilsynet. Dette gjeld både plantevernmiddel til yrkesbruk og hobbybruk.
Privatpersonar har ikkje lov til å ta med seg, importere eller bestille plantevernmiddel til Noreg. Forbodet gjeld alle typar plantevernmiddel, både til yrkesbruk og hobbybruk.
Kva er plantevernmiddel?
Plantevernmiddel blir brukte for å verne plantar og såvarer mot skadegjørarar, soppsjukdommar og ugras. Dei vanlegaste typane er:
- skadedyrmiddel
- soppmiddel
- ugrasmiddel
Det finst òg andre typar plantevernmiddel, for eksempel middel som regulerer plantevekst. Plantevernmiddel kan vere kjemiske eller biologiske.
Meir informasjon
Oppdatert: 7.10.2026