Reise ut av Noreg med skytevåpen
For midlertidig utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, til dømes i forbindelse med jakt eller konkurranse i utlandet, må du som hovudregel legge fram og deklarere våpenet for Tolletaten før du passerer grensa ut frå Noreg.
Skal du ha med deg skytevåpen til eit EU/EØS-land, kan du søke om europeisk våpenpass.
Europeisk våpenpass dersom du reiser innanfor EU/EØS
Kravet om å legge fram og deklarere våpenet ved utførsel gjeld ikkje dersom
- du har eit gyldig europeisk våpenpass for våpenet, som er til personleg bruk, og
- utførselen gjeld for eit tidsrom på inntil tre månader, og
- du reiser innanfor EU/EØS.
Dersom du har gyldig europeisk våpenpass for våpenet og har reist innanfor EU/EØS i inntil tre månader, treng du ikkje legge fram og deklarere våpenet for Tolletaten ved heimreise (innreise til Noreg). Der det er innført raud og grøn sone, kan du gå på grøn sone. Du må kunne vise både våpen og europeisk våpenpass på førespurnad.
Du søker politiet om europeisk våpenpass.
Reise med skytevåpen til Finland
I tillegg til dei reglane som gjeld etter norsk regelverk, er det eigne reglar for å reise med skytevåpen til Finland.
Dersom du skal transittere eit norsk våpen gjennom Finland, eller midlertidig innføre eit våpen til Finland, må du ha eit europeisk våpenpass. Våpen og våpenpass skal visast fram for dei finske tollmyndigheitene ved grensepassering. Norsk våpenkort åleine er ikkje tilstrekkeleg.
Dersom du berre har norsk våpenkort, må du søke om løyve til transittering hos finske politimyndigheiter i god tid før reisa. Ved transport av våpen til dømes for deltaking i jakt eller konkurranse, krevst det i tillegg dokumentasjon på bruksføremålet.
Reise med skytevåpen til Sverige
I tillegg til dei reglane som gjeld etter norsk regelverk, er det eigne reglar for å reise med skytevåpen til Sverige.
Svenske tollstyresmakter har ei registreringsordning for midlertidig innførsel av skytevåpen til Sverige. Du kan registrere våpenet elektronisk på nettsidene til svensk toll www.tullverket.se eller ved ein svensk tollstasjon. Du bør også undersøke dei svenske reglane knytt til innførsel av tilbehør til våpen som til dømes lyddemparar og kikkertsikte.
Lyddemparar kan også vere eksportregulert ved utførsel frå Noreg.
For nærmare informasjon, sjå www.eksportkontroll.no
Dersom du ikkje har europeisk våpenpass eller reiser utanfor EU/EØS
Dersom du ikkje har eit gyldig europeisk våpenpass, reiser til eit land utanfor EU/EØS, eller skal på reise i meir enn tre månader, må du legge fram og deklarere våpenet for Tolletaten når du reiser ut av Noreg. Plikta til å legge fram og deklarere gjeld også for skytevåpen som er deaktivert i samsvar med våpenlova § 27.
Du deklarerer våpenet for tollmyndigheitene ved å levere ei utfylt erklæring om midlertidig utførsel av skytevåpen på fastsett skjema frå politiet, jf. våpenforskrifta § 10-17. Erklæringa gjeld for éi reise og er gyldig i inntil eitt år.
Erklæring om midlertidig utførsel skal du fylle ut i to eksemplar. Når du reiser ut av Noreg, beheld Tolletaten det eine eksemplaret av erklæringa.
Det andre eksemplaret av erklæringa må du levere til Tolletaten når kjem tilbake til Noreg. Ved grensepasseringar der det er innført raud og grøn sone, må du gå på raud sone. Tolletaten kan ta beslag i skytevåpen som blir avdekka i kontroll på grøn sone sjølv om erklæringa er i orden.
Skjema for melding om midlertidig utførsel uten våpenpass
Våpenkort
Hugs å ta med deg våpenkortet ditt når du reiser med våpen. Våpenkortet viser at du er den rettmessige eigaren av skytevåpenet.
Reise med lånt skytevåpen
Har du spørsmål om å reise til eller frå Noreg med våpen du har lånt av andre, må du kontakte politiet.
Flytte til utlandet
Dersom du flyttar til utlandet og vil ha med deg skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, må du søke politiet om løyve til å ta med deg dette ut av Noreg. Sjå også Utførsel av våpen.
Sjekk reglane i landet du skal reise til
Hugs å sjekke reglene som gjeld i landet du reiser til. Du bør forsikre deg om at europeisk våpenpass strekk til, eller om det er nasjonale ordningar i tillegg.
Kontakt politiet
Det er politiet som har ansvaret for regelverket om inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Ta kontakt med politiet på telefon 0 28 00 eller sjå politiet sine nettsider om våpen for meir informasjon om å reise med våpen inn og ut av Noreg.
Våpen, våpendeler og ammunisjon
Relatert innhold
Regelverk og retningslinjer
Oppdatert: 28.7.2026