Legitimasjonsbevis for reise-/yrkesutstyr til midlertidig bruk i utlandet

We’re sorry — this page hasn’t been translated into English. Need assistance or can’t locate what you’re looking for? You can reach our customer service center here.

Legitimasjonsbevis for reise- og yrkesutstyr til midlertidig bruk i utlandet

Ved innreise til Noreg kan du bli bedt om å dokumentere at gjenstandane du har med deg, er dei same som då du reiste ut av landet.

Du kan dokumentere dette med eit legitimasjonsbevis. Har du eit legitimasjonsbevis som viser at gjenstanden er tatt med ut av Noreg, kan du ta han med tilbake toll- og avgiftsfritt.

Du må ta med gjenstanden til Tolletaten for å få legitimasjonsbeviset attestert før du reiser.

Sjå oversikt over tollkontor og opningstider.

Legitimasjonsbeviset kan du også nytte ved seinare utanlandsopphald dersom du har med ein eller fleire av dei same gjenstandane.

Fyll gjerne ut legitimasjonsbeviset på førehand og skriv det ut. Du kan laste ned legitimasjonsbeviset på bokmål eller nynorsk under.

RD-nummer: RD-0031

Oppdatert: 19.6.2026