Deklarasjonsoversikta flyttar til Altinn 3

Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Deklarasjonsoversikta flyttar til Altinn 3

Frå 1. mai 2026 vil deklarasjonsoversikta berre vere tilgjengeleg på ny plattform i Altinn 3. Oversikta blir samtidig fjerna frå dagens løysing i Altinn 2.

Publisert: 27. mars 2026

Årsaka til flyttinga er modernisering av Altinn-plattforma.

Flyttinga inneber ingen endringar i innhaldet i deklarasjonsoversikta på XML- og PDF-formata. Endringane kan likevel påverke verksemder som les oversikta maskinelt.

Vi anbefaler derfor alle verksemder å kontakte systemleverandøren sin for å sikre at maskinell innlesning fungerer som forventa etter flyttinga.

For meir informasjon kan du lese Altinn sin rettleiar om den nye plattforma deira.(åpner i ny fane)

Oppdatert: 22.4.2026