We’re sorry — this page hasn’t been translated into English. Need assistance or can’t locate what you’re looking for? You can reach our customer service center here.
Deklarasjonsoversikta flyttar til Altinn 3
Frå 1. mai 2026 vil deklarasjonsoversikta berre vere tilgjengeleg på ny plattform i Altinn 3. Oversikta blir samtidig fjerna frå dagens løysing i Altinn 2.
Publisert: 27. mars 2026
Årsaka til flyttinga er modernisering av Altinn-plattforma.
Flyttinga inneber ingen endringar i innhaldet i deklarasjonsoversikta på XML- og PDF-formata. Endringane kan likevel påverke verksemder som les oversikta maskinelt.
Vi anbefaler derfor alle verksemder å kontakte systemleverandøren sin for å sikre at maskinell innlesning fungerer som forventa etter flyttinga.
For meir informasjon kan du lese Altinn sin rettleiar om den nye plattforma deira.
Oppdatert: 22.4.2026