Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.
Den hovudansvarlege sitt ansvar
Den hovudansvarlege er den personen eller det firmaet som får løyve frå tollmyndigheitene til å utføre ei transittering. Den hovudansvarlege har ansvaret for at transitteringa skjer i tråd med regelverket.
Den hovudansvarlege for prosedyren er mellom anna forplikta til å legge fram varene og dokumenta for , eller ein autorisert mottakar. Det må skje innan fristen, som går fram av deklarasjonen.
Den hovudansvarlege har også ansvar for at forseglingane ikkje er brotne, og at dei andre reglane i blir følgde.
Den hovudansvarlege for prosedyren skal på oppmoding frå tollstyresmaktene legge fram nødvendige dokument og opplysningar.
Referansenummeret til transitteringa (MRN) skal leggast fram elektronisk for bestemmelsestollstaden eller ein autorisert mottakar. I dei tilfella dette ikkje er mogleg, vil MRN kunne leggast fram ved bruk av følgedokument på papir.
Den hovudansvarlege har plikt til å stille garanti
Ved oppstart av ei transittering må den hovudansvarlege stille ein garanti eller sikkerheit for å sikre innbetaling av skyld (tollavgift og andre avgifter). Dersom transitteringa ikkje blir fullført på korrekt måte ved bestemmelsestollstaden, kan krav om skyld bli retta mot den hovudansvarlege. Den hovudansvarlege er ansvarleg for heile skyldbeløpet, uavhengig av garantibeløpet.
Den hovudansvarlege sine forpliktingar er oppfylte når han legg fram varene og dei nødvendige dokumenta ved bestemmelsestollstaden.
Avgangstollstaden skal motta ankomstbekreftelsen (IE006) og kontrollresultatet (IE018) innan tidsfristen for framlegging av varene ved bestemmelsestollstaden. Dersom meldingane ikkje er mottatt i tide, må den hovudansvarlege for prosedyren legge fram bevis for at
- varene er blitt lagt frem ved bestemmelsestollstaden
- varene er levert til ein autorisert mottakar.
Kva seier regelverket?
Teksten byggjer på vedlegg I til Transitteringskonvensjonen (artiklane 8, 10, 48, 49 og 113).
Les vedlegg I i Transitteringskonvensjonen.
Les meir om transittering
Oppdatert: 19.8.2026