Forenkla ordningar

Den hovudansvarlege for prosedyren eller mottakaren av varene i ei transittering kan søke tollmyndigheitene om forenkla ordningar.

Du kan søke om følgande forenklingar:

  • Bruk av universalgaranti eller eit garantifritak (kan brukast i alle land).
  • Bruk av ei spesiell type forseglingar (kan brukast for transitteringar som blir starta i det landet autorisasjonen er gitt).
  • Status som autorisert avsendar (kan brukast for transitteringar som blir starta i det landet autorisasjonen er gitt).
    Les om autorisert avsendar.
  • Status som autorisert mottakar (kan berre brukast i det landet autorisasjonen er gitt).
    Les om autorisert mottakar.
  • Særskilte ordningar for spesielle transportmåtar: Jernbane og lufttransport (bruk av eit elektronisk transportdokument).
  • Bruk av andre forenkla ordningar som er omtalt i artikkel 6 i transitteringskonvensjonen (bilaterale eller multilaterale avtaler).
  • Bruk av tolldeklarasjon med reduserte datakrav for å legge varer under den felles transitteringsprosedyren.

Dette skal søknaden innehalde

Ein søknad må innehalde alle fakta som tollmyndigheitene treng for å kunne kontrollere at dei nødvendige vilkåra for den aktuelle forenklinga er oppfylt. Søknaden må vere datert og underskriven av den hovudansvarlege for prosedyren eller av mottakaren av varene.

Det er tollmyndigheitene i landet der søkaren er etablert som skal behandle søknaden. Tollmyndigheitene skal utferde ein autorisasjon eller gi eit skriftleg vedtak med grunngiving ved eit eventuelt avslag.

Generelle vilkår for alle forenklingane

For å kunne få innvilga forenklingane nemnt over, må visse vilkår vere oppfylt. Kor mange vilkår dei ulike forenklingane har, varierer.

Dei generelle vilkåra som er lista opp i artikkel 57 til Vedlegg I i transitteringskonvensjonen er knytt opp mot dei ulike forenklingane.

Dette er nokre eksempel på generelle vilkår som må oppfyllast:

  • vere etablert i ein avtalepart sitt tollområde.
  • regelmessig nytte transitteringsordninga, eller ha dei praktiske standardane for kompetanse eller faglege kvalifikasjonar direkte knytt til aktiviteten som blir utført.
  • ikkje ha begått nokre alvorlege eller gjentatte brot på toll- eller skattelovgivinga.
  • vise høgt nivå av kontroll over transportane sine og flyten av varene ved bruk av eit styringssystem for registrering av forretningsdata og, når føremålstenleg, transportdata, noko som gjer det mogleg med eigna tollkontrollar.
  • ha praktisk kompetanse eller faglege kvalifikasjonar direkte knytt til aktiviteten som blir utført.

Kva seier regelverket?

Transitteringskonvensjonen

Oppdatert: 31.8.2026