Transport av utvalgte legemiddel via Sverige

We’re sorry — this page hasn’t been translated into English. Need assistance or can’t locate what you’re looking for? You can reach our customer service center here.

Transport av særskilde legemiddel via Sverige

Transport av legemiddel som er klassifiserte som narkotika i Sverige, vil bli stoppa ved grensa om nødvendige løyve ikkje er i orden.

Klassifisering av legemiddel

Vanlege norske legemiddel kan i nokre tilfelle bli klassifiserte som narkotiske legemiddel i Sverige. Ved eksport av slike legemiddel må den som transporterer vara ha løyve frå det svenske Läkemedelsverket.

Krav ved transport

Dersom du transporterer legemiddel klassifisert som narkotika via Sverige, utan nødvendige løyve, vil det bli rekna som eit alvorleg brot på svenske reglar. Sendinga vil bli stoppa ved innpassering til Sverige og returnert til Noreg. Dette kan føre til store problem for alle involverte partar.

Forskjellar i regelverk

Regelverk for transport av legemiddel varierer mellom EU-land. Transportøren må sjekke med styresmaktene i dei aktuelle landa om vara kan sendast gjennom landa.

Forsegling og køyretøykrav

Svenske tollmyndigheiter krev at transportar av denne typen er forsegla, og at køyretøyet er godkjent for varetransport med forsegling. Det svenske Tullverket kan ikkje opplyse om løyve vil bli gitt av det svenske Läkemedelsverket.

Oppdatert: 6.8.2026