Ny garanti som følge av Ukraina si tiltreding til transitteringskonvensjonen

Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Ny garanti som følge av Ukraina si tiltreding til Transitteringskonvensjonen

Ukraina vart ny avtalepart i transitterings- og SAD-konvensjonane i oktober 2022. Dette betyr at norske operatørar kan starte og motta transitteringar i NCTS til og frå alle tollstader i Ukraina.

Oppdatering av universalgaranti

Brukarar/hovudansvarlege i (New Computerised Transit System) som har ein gyldig universalgaranti (type 1) utferda før 1. oktober 2022, må ta stilling til om garantien skal bli oppdatert for også å vere gyldig i Ukraina. Garantierklæringa som ligg til grunn for ein universalgaranti som er utferda før 1. oktober 2022, omfattar ikkje Ukraina, og kan derfor ikkje nyttast i forbindelse med transitteringar til/frå Ukraina. Dette betyr at garantistar som har utferda ein universalgaranti for kundane sine, må oppdatere garantien som er deponert hos Tolletaten.

Garantifritak

Hovudansvarlege som har universalgaranti (type 1) og garantifritak (type 0) og som ikkje ønsker å transportere varer til Ukraina under den felles transitteringsprosedyren (NCTS), treng ikkje å gjere noko. Tolletaten har registrert at garantien ikkje er gyldig i Ukraina.

Kontakt transitteringsseksjonen

Alle hovudansvarlege i NCTS som vil transportere varer til Ukraina under den felles transitteringsprosedyren, må ta kontakt med transitteringsseksjonen i vareførselsdivisjonen. Dette gjeld uansett kva garantitype du har.

E-post til transitteringsseksjonen

(åpner i ny fane)

Oppdatert: 8.9.2026