Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.
Oppstart av transitteringar med T2-status frå Noreg til EU
Ei transittering frå Noreg til EU med -status skal mellom anna ha referanse til den inngåande T2-deklarasjonen.
Manglande informasjon i deklarasjonar
Tolletaten har fått melding frå EU-land om problem med manglande informasjon i transitteringar frå Noreg til EU, der T2-status er deklarert i D.E. nummer 11.01 på transitteringsdeklarasjonen.
Regelverk i samsvar med Transitteringskonvensjonen
Varer som blir tatt inn i eit land som er omfatta av fellestransittering (CTC-land) under T2-prosedyren, kan bli gjenutført til EU under same prosedyre. Dette er i samsvar med Transitteringskonvensjonen artikkel 9. Føresetnaden er at varene har vore under kontroll av tollmyndigheitene (på tollager) i dette landet.
CTC-land (common transit country) er andre avtalepartar til Transitteringskonvensjonen enn EU-land.
Deklarasjonar og referansar
Kvar deklarasjon som startar opp i eit CTC- land med T2-status, må referere til T2-deklarasjonen som varene kom inn i CTC-landet med.
Deklarasjonen må også omfatte alle spesielle påteikningar som stod i den inngåande deklarasjonen.
Informasjon som må førast på transitteringsdeklarasjonen
For å unngå problem og usikkerheit om meirverdiavgift (mva.) ved gjeninnførsel til EU, må følgande informasjon/påteikningar vere med i transitteringsdeklarasjonen:
- Ein referanse (MRN) til den tidlegare inngåande T2-deklarasjonen frå EU som varene kom til Noreg med, og som viser at varene har fellesskapsstatus (T2).
- Alle spesielle påteikningar som står i den inngåande T2-deklarasjonen, for eksempel DG2 Export eller AES‑MRN, må førast vidare. Dette viser at varene tidlegare har vore under ein eksportprosedyre i EU, og gir grunnlag for å vurdere om det skal betalast mva. når varene blir førte tilbake til EU.
Unntak frå informasjonspunkt 2
Ifølgje EU sine tollmyndigheiter treng ein ikkje ta med informasjonen i punkt 2 dersom både kjøpar og seljar er i EU, og transporten berre går via eit CTC-land (Intra-Community acquisition ) av geografiske grunnar.
I slike tilfelle kan bestemmelsestollstaden i EU krevje at du legg fram ein T2L, eit dokument som stadfestar at varene har EU-status, utferda i EU.
Oppdatert: 8.9.2026