Utskrift av følgedokument frå NCTS

Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Utskrift av følgedokument frå NCTS

Følgedokumentet skal ikkje skrivast ut før autorisert avsendar har mottatt melding CC029C (transittering frigitt) frå Tolletaten.

Transitteringa er ikkje frigitt i NCTS (New Computerised Transit System) sjølv om autorisert avsendar har fått tildelt eit referansenummer (MRN). Å skrive ut eit følgedokument etter tildeling av referansenummer (MRN) er derfor ikkje i tråd med regelverket.

Dersom du gjer dette, kan det føre til problem, særleg i utlandet. Følgedokumenta har vorte brukte som originaldokument for transittering, sjølv om transitteringa ikkje er frigitt av Tolletaten.

Du kan skrive ut eit dokument etter at du har fått MRN, men dette dokumentet skal berre innehalde:

  • MRN
  • Avgangstollstad
  • Hovudansvarleg for transitteringa

Dette er opplysningane Tolletaten sender i CC028C (MRN tildelt). Dokumentet skal ikkje innehalde opplysningar frå CC015C (deklarasjonsdata) som autorisert avsendar eller hovudansvarleg har sendt inn.

Med dette dokumentet kan sjåføren møte opp ved avgangstollstaden og få ut eit originalt følgedokument.

Oppdatert: 15.10.2026