Raud eller grøn sone

Raud eller grøn sone

Når du kjem til Noreg, må du velje mellom raud og grøn sone ved tollkontrollen.

Kva sone skal du velje?

Gå på raud sone dersom du

  • har varer du skal betale tollavgift eller andre avgifter for
  • har varer som krev særskilt løyve
  • er usikker på kva reglar som gjeld for varene du har med deg

Gå på grøn sone dersom du

  • berre har toll- og avgiftsfrie varer
  • held deg innanfor gjeldande kvotar og verdigrenser
  • ikkje har varer som krev særskilt løyve

Varene må vere til deg eller til gåve i privat samanheng. Du må sjølv ta med varene, enten på deg eller i bagasjen.

Dersom bagasjen kjem seinare

Har bagasjen din kome bort og blir send etter deg, må du gå på raud sone. Du må då opplyse om kva du har med deg i handbagasjen, og kva som ligg i bagasjen som kjem seinare.

Dersom du reiser med buss

Har du varer som skal deklarerast, kan du ikkje reise med buss dersom bussen ikkje stoppar ved raud sone.

Oppdatert: 18.8.2026