Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.
Raud eller grøn sone
Når du kjem til Noreg, må du velje mellom raud og grøn sone ved tollkontrollen.
Kva sone skal du velje?
Gå på raud sone dersom du
- har varer du skal betale tollavgift eller andre avgifter for
- har varer som krev særskilt løyve
- er usikker på kva reglar som gjeld for varene du har med deg
Gå på grøn sone dersom du
- berre har toll- og avgiftsfrie varer
- held deg innanfor gjeldande kvotar og verdigrenser
- ikkje har varer som krev særskilt løyve
Varene må vere til deg eller til gåve i privat samanheng. Du må sjølv ta med varene, enten på deg eller i bagasjen.
Dersom bagasjen kjem seinare
Har bagasjen din kome bort og blir send etter deg, må du gå på raud sone. Du må då opplyse om kva du har med deg i handbagasjen, og kva som ligg i bagasjen som kjem seinare.
Dersom du reiser med buss
Har du varer som skal deklarerast, kan du ikkje reise med buss dersom bussen ikkje stoppar ved raud sone.
Kva seier regelverket?
Tollavgiftslova § 6-1. Tollavgiftsfritak som følgje av unntak frå plikten til å levere deklarasjon etter vareførselslova § 4-1Vareførselsforskrifta § 2-4-1. Valg av raud eller grøn sone ved innførselVareførselsforskrifta §§ 4-1-9 til 4-1-28. Unntak frå deklarasjonspliktVareførselsforskrifta § 4-6-4 første ledd bokstav a. Midlertidig innførsel utan sikkerheitsstilling og unntak frå deklareringVareførselslova §§ 2-1, 2-4, 5-1 tredje ledd, 5-4 og 7-7 første og andre ledd
Oppdatert: 18.8.2026