Handle frå ein nettbutikk som ikkje er VOEC-registrert
Om du handlar frå utanlandske nettbutikkar som ikkje er registrerte i VOEC-ordninga, betaler du ikkje meirverdiavgift når du handlar. I staden må du betale meirverdiavgift og eventuelle andre avgifter når vara kjem til Noreg.
Dette må du betale
Når du handlar frå ein nettbutikk som ikkje er VOEC-registrert, kan du måtte betale:
- Meirverdiavgift: 15 prosent for næringsmiddel og 25 prosent for andre varer, også tollfrie varer. Slik reknar du ut meirverdiavgifta
- Tollavgift: Gjeld kun klede, matvarer og næringsmiddel. Satsen varierer avhengig av varetype og opphavsland. Sjå tolltariffen for detaljar
- Særavgifter: Somme varer har eigne særavgifter. Meir informasjon finn du hos Skatteetaten
- Fortollingsgebyr: Transportøren, for eksempel Posten, tar ofte eit gebyr for å deklarere vara på dine vegner.
Du må betale avgiftene uavhengig av om vara er ny eller brukt.
Tollkalkulator
Du kan bruke tollkalkulatoren for å rekne ut kva avgifter som gjeld for vara du har kjøpt.
Fødselsnummer ved deklarering
Når ei vare skal deklarerast til Tolletaten, må du oppgi fødselsnummeret til mottakar.
Om transportøren deklarerer vara på dine vegner, treng transportøren fødselsnummeret ditt (11 siffer) for å kunne gjennomføre deklareringa. Derfor kan du bli bedt om å oppgi fødselsnummeret ditt når du handlar i ein utanlandsk nettbutikk.
Om du ikkje ønsker å oppgi fødselsnummeret ditt til nettbutikken, kan du spørje om du kan oppgi det direkte til transportøren.
Handlar du frå ein VOEC-registrert nettbutikk?
Då betaler du meirverdiavgift når du handlar, og slepp derfor normalt å betale meirverdiavgift og andre gebyr når vara kjem til Noreg.
Oppdatert: 20.8.2026