Tilbakebetaling ved feil oppkrevjing av avgifter
Tilbakebetaling ved feil innkrevjing av avgifter
Har du betalt avgifter som du meiner er feil? Då kan du søke om å få pengane tilbake. Her finn du informasjon om kva du må gjere.
Feil som er gjort av VOEC-registrert nettbutikk
Dersom du har betalt meirverdiavgift to gonger for same vare frå ein utanlandsk nettbutikk som er VOEC-registrert, må du ta kontakt med nettbutikken du handla hos for å få tilbake pengane.
Du kan berre få tilbakebetalt éi av dei to avgiftene.
Du kan også be om tilbakebetaling dersom nettbutikken har kravd meirverdiavgift for ei vare som skulle vore fritatt, for eksempel ei bok.
Tolletaten er ikkje involvert i slike saker og behandlar ikkje søknader om tilbakebetaling i desse tilfella.
Feil i sendingar med fleire mottakarar
Dei fleste varer til privatpersonar med verdi opp til 3000 kroner, inkludert frakt, blir deklarerte saman med varer til fleire mottakarar i éi felles sending til Tolletaten. Dette vart tidlegare kalla samlefortolling.
Tolletaten behandlar ikkje søknader frå privatpersonar om å rette denne typen deklarasjonar. I slike tilfelle må du ta kontakt med speditøren eller transportselskapet som handterte sendinga.
Dette gjeld uansett om du vil ha tilbake meirverdiavgift, særavgift eller tollavgift.
Her finn du forklaringa på kva dei ulike avgiftene betyr
Er du usikker på kva avgifter du har betalt, kan speditøren eller transportselskapet hjelpe deg. Dei kan også svare på om dette er ei sending med løyve til å deklarere varer til fleire mottakarar på same deklarasjon.
Når kan du søke hos Tolletaten?
Dersom feilen ikkje er gjort av ein VOEC-registrert nettbutikk, og sendinga di ikkje er deklarert på ein deklarasjon med fleire mottakarar, kan du søke Tolletaten om å få retta feilen.
Du søker via skjema i Altinn:
Søk tilbakebetaling av tollavgift og/eller meirverdiavgift (MVA) frå Tolletaten
Oppdatert: 31.8.2026