Fristilling utanom kontortid

For at du skal få fristilt varer utanom ordinær kontortid, må sendinga di oppfylle visse kriterium. Desse finn du nedanfor.

For å få varer fristilt utanom kontortida, som er kl. 08.00–15.30, kan du i heilt spesielle tilfelle kontakte Svinesund tollstad. Kriteria som må vere oppfylte, finn du nedanfor.

Som hovudregel skal tolldeklarasjonar behandlast i god tid før grensepassering. Alternativt kan dei bli behandla ved grensetollstader i opningstida.

Kriterium for fristilling utanom kontortid

Minst eitt av desse kriteria må vere oppfylt:

  • Sendinga gjeld force majeure.
  • Sendinga er ei nødsending.
  • Sendinga har stor tyding for helse, miljø og sikkerheit.
  • Sendinga kan bli øydelagt eller forderva dersom ho ikkje blir fristilt (for eksempel fisk og andre matvarer som lett blir bederva).

Dersom du har behov for å fristille utanom kontortid (kl. 8.00-15.30), og du oppfyller minst eitt av kriteria ovanfor, kan du kontakte Svinesund tollstad på telefon 22 86 02 50.

Om sendinga di ikkje oppfyller minst eitt av kriteria ovanfor, må du bruke kontaktskjemaet vårt.

Om du allereie har sendt inn ein deklarasjon i TVINN, skal du bruke denne ved ekspedering utanom normal arbeidstid.

Merk:

  • Du må oppgi ID for den aktuelle deklarasjonen.
  • Du skal ikkje opprette ein ny deklarasjon.

Dobbelfortollingar tar mykje unødvendig tid for både tollrepresentantar og Tolletaten. Det kan og føre til straffereaksjonar og gebyr for regelbrot.

Det er ikkje tillate å frakte vara ut av landet før deklarasjonen er godkjent av tollmyndigheitene.

Oppdatert: 30.9.2026