Sende bagasje eller attgløymde ting til Noreg

Sende bagasje eller attgløymde ting til Noreg

Bagasje du tek med deg ut frå Noreg, kan du òg ta med tilbake utan avgifter. Blir noko sendt til deg i etterkant av reisa, for eksempel gløymd eller ny bagasje, kan du derimot måtte betale.

Slik sender du bagasje og attgløymde ting heim til Noreg utan avgifter og toll

Bagasje og attgløymde ting frå Noreg kan som hovudregel sendast heim utan avgifter, dersom du kan dokumentere at meirverdiavgift allereie er betalt i Noreg.

Legg ved dokumentasjon som kvittering eller fortollingspapir.

Fest gjerne ein kopi av kvitteringa frå då du kjøpte vara utanpå sendinga. I tillegg bør du eller avsendar merke pakka med denne teksten:

«Norsk [gjenstandstype] i retur, ingen kommersiell verdi. Sjå vedlagd kvittering.»

Når må du betale toll og avgifter?

  • Du må betale dersom du ikkje kan dokumentere at norsk meirverdiavgift er betalt.
  • Du må også betale for varer du har kjøpt i utlandet. Desse blir fortolla av fraktselskapet.

Har du allereie betalt avgifter ved sending til Noreg?

Om du kan dokumentere at norske avgifter allereie er betalte med fortollingsdokument eller kvittering, kan du søke om eigenretting av fortollinga.

Søk om tilbakebetaling av feil innbetalte avgifter

Gå til skjema

Sende personlege eigedelar til Noreg ved midlertidig opphald

Dersom du oppheld deg midlertidig i Noreg, til dømes på ferie, studium eller kurs, og får tilsend personlege eigedelar, må du betale toll og avgifter for desse. Dette gjeld også om du tek tinga med ut av landet igjen etter opphaldet.

Oppdatert: 19.6.2026