Alkohol og tobakk over kvoten

Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Forenkla ordning for overgang til fri disponering av alkohol og tobakk

Når du reiser til Noreg frå utlandet, eller frå Svalbard og Jan Mayen, kan du ta med varer innanfor den avgiftsfrie kvoten. Du kan også nytte ei forenkla ordning for overgang til fri disponering for alkohol- og tobakksvarer som overstig den avgiftsfrie kvoten, opptil ei viss mengde.

Den forenkla ordninga gjeld for inntil 27 liter øl og/eller vin, fire liter brennevin, 400 sigarettar og 500 gram tobakk eller snus.

For å nytte den forenkla ordninga kan du enten deklarere varene i Kvoteappen, eller gå på raud sone og deklarere dei der.

Ver merksam på: Den forenkla ordninga gjeld ikkje for varer du kjøper i taxfree-butikken ved ankomst til ei norsk lufthamn. Slike varer må du deklarere for prosedyren overgang til fri disponering med vanlege avgiftssatsar.

Overgang til fri disponering er den einaste tollprosedyren som gjer at ei vare blir heilt frigjort frå tollmyndigheitene si oppfølging. Når ei vare går over til fri disponering, skal det bereknast tollavgift og andre avgifter.

Satsar for 2026

VareMengdeSats
Øl (også sterkøl) over 2,5 volumprosentTil saman inntil 27 liter26 kr pr. liter | 7,86 kr pr. enhet 0,33 liter
Drikk med alkoholstyrke over 2,5 til og med 4,7 volumprosentTil saman inntil 27 liter26 kr pr. liter | 7,86 kr pr. enhet 0,33 liter
Drikk med alkoholstyrke over 4,7 og under 15 volumprosent (f.eks. vin)Til saman inntil 27 liter71 kr pr. liter | 54 kr pr. heilflaske
Drikk med alkoholstyrke frå og med 15 til og med 22 volumprosent (f.eks. sterkvin) Til saman inntil 27 liter136 kr pr. liter | 99 kr pr. heilflaske
Drikk med alkoholstyrke over 22 til og med 60 volumprosent (f.eks. brennevin)Inntil 4 liter432 kr pr. liter | 296 kr pr. heilflaske
Røykjetobakk Til saman inntil 500 gram397 kr pr. 100 gram
SnusTil saman inntil 500 gram124 kr pr. 100 gram
SkråtobakkTil saman inntil 500 gram165 kr pr. 100 gram
Sigarar og sigarillosTil saman inntil 500 gram397 kr pr. 100 gram
SigarettarInntil 400 stk. 397 kr pr. 100 stk.
Sigarettpapir og -hylserInntil 400 stk. 7,32 kr pr. 100 blad/hylser
E-væske med nikotinInntil 40 milliliter6,78 kr pr. milliliter
Tobakk til oppvarmingInntil 400 gram397 kr pr. 100 gram
Andre nikotinvarerInntil 400 gram64 kr per 100 gram

Om du ønskjer å importere større mengder alkohol enn dette, gjeld dei vanlege avgiftssatsane.

Les meir om privat innførsel av alkohol

Du kan ikkje innføre drikkevarer med alkohol med alkoholstyrke over 60 prosent utan særskilt løyve.

Tilbakebetaling av avgifter i Kvoteappen

Har du brukt Kvoteappen og meiner at du har betalt for mykje i avgifter, kan du søkje om tilbakebetaling.

Om du deklarerer varene på raud sone, kan du fylle ut skjemaet der.

Søknad om tilbakebetaling av avgifter i Kvoteappen

Her finn du skjema for å søkje om tilbakebetaling

Oppdatert: 31.8.2026