Kvoteappen

Kvoteappen

Med Kvoteappen kan du sjekke om varene du har med deg til Noreg er innanfor kvoten og verdigrensa. Har du varer over grensa, reknar appen ut kva du skal betale og du kan betale direkte i appen.

Last ned Kvoteappen i App Store

(åpner i ny fane)

Last ned Kvoteappen i Google Play

(åpner i ny fane)

Korleis bruke appen?

Kvoteappen har to hovudval på startsida:

  1. Sjekk om du er innanfor kvoten (anbefalt val)
  2. Veit du kva du har med deg over kvoten? Gå rett til fortolling

Sjekk om du er innanfor kvoten

Er du usikker på kva du kan ha med deg, vel “Sjekk om du er innanfor kvoten”. Her kjem du til kvotekalkulatoren som lar deg rekne ut ulike kvotekombinasjonar.

Legg inn alt du har kjøpt, så reknar appen ut om du er innanfor kvoten. Har du med deg for mykje, kan du fortolle og betale direkte i appen.

Betaler du med kort, blir kortinformasjonen lagra. Bortsett frå dette, lagrar ikkje Kvoteappen personopplysningar.

Les meir om personvern i Kvoteappen

Kor lenge er kvitteringa gyldig?

Du må betale minst eitt minutt før du passerer grensa. Kvitteringa blir aktiv eitt minutt etter betaling og er gyldig i to timar. Du må passere grensa i dette tidsrommet. Dersom tida går ut, må du kontakte ein tollar.

Du kan deklarere på førehand ved å velje når du planlegg å passere grensa. Kvitteringa er gyldig i to timar frå tidspunktet du vel. Du kan betale opptil 48 timar før du kryssar grensa.

Du kan velje å få kopi av kvitteringa på e-post, men e-posten er ikkje gyldig som kvittering når du passerer grensa.

Skjermbilde fra Kvoteappen som viser knapp med teksten: "Sjekk om du er innafor Kvoten"
Skjermbilde fra Kvoteappen som viser at varene er innenfor kvoten
Skjermbilde fra Kvoteappen som viser at kvoten er oversteget.
Skjermbilde fra Kvoteappen som viser gyldighet til kvittering

Når du har betalt og fått gyldig kvittering, kan du gå på grønt. Du kan også bruke Kvoteappen før du passerer ubetente grenseovergangar, enten du kjem til Noreg med fly, båt, tog eller bil.

Merk at det ikkje er tillate å kjøpe meir enn kvoten i taxfreeutsal når du kjem til norske flyplassar.

Dersom du veit nøyaktig kva du har med for mykje, kan du bruke funksjonen “Over kvoten”. Her skal du berre legge inn det du skal betale avgifter på.

Kva er kvote- og verdigrense?

Alkohol- og tobakkskvoten, ofte berre kalla "kvoten", er mengda alkohol- og tobakksvarer du kan ta med deg inn til Noreg utan å betale avgifter.

Her finn du alkohol- og tobakkskvoten

Verdigrensa set ei grense for kor mykje du kan ta med deg inn til Noreg av andre typar varer, utan å betale avgifter. Grensa avheng av kor lenge du har vore utanfor Noreg.

Les meir om verdigrensa

Du må betale avgifter for varer som overstig kvoten eller verdigrensa. Dersom du ikkje kan dokumentere at avgiftene er betalt, kan Tolletaten gi deg ei bot ("forenkla førelegg") og ta frå deg varene. Ved alvorlege brot kan saka bli meldt til politiet.

Alkohol og tobakk over kvoten

I Kvoteappen kan du deklarere inntil

  • 27 liter øl eller vin
  • 4 liter brennevin
  • 400 sigarettar
  • 500 gram tobakk eller snus, og
  • 400 stk. sigarettpapir-og hylser

Når du legg inn varene, reknar appen ut kva du skal betale.

Du finn òg ei oversikt over prisane her

Dersom du ønsker å ta med deg varer til Noreg utover den mengda du kan deklarere i Kvoteappen, gjeld andre reglar.

Les meir om privat import av alkohol

Varer over verdigrensa

Har du handla for meir enn verdigrensa, må du betale 25 prosent meirverdiavgift.

I Kvoteappen kan du deklarere andre varer enn alkohol og tobakk til ein samla verdi av 20 000 norske kroner per person. Du kan ikkje dele opp ei vare.

Har du varer over verdigrensa, hjelper appen deg med å finne ut kva varer du bør deklarere.

Les meir om verdigrensa

Dersom du ønsker å ta med deg varer til Norge utover desse grensene, gjeld andre reglar.

Varer du ikkje kan deklarere i appen

Du kan ikkje bruke Kvoteappen til å deklarere desse varene:

  • Varer som er meint for vidaresal eller til bruk i jobbsamanheng (eller anna føremål som gjeld yrke eller arbeidsliv). Slike varer må du deklarere med vanlege avgiftssatsar.
  • Varer du kjøper i taxfree når du kjem til flyplass. Slike varer må du deklarere med vanlege avgiftssatsar.
  • Næringsmiddel**, varer som er avhengige av tillatingar frå andre myndigheiter, særavgiftspliktige varer og landbruksvarer***:
    Eksempel på slike varer er kjøt, grønsaker, brus, kosttilskot, kaffi, te, kjæledyr, våpen, laserpeikarar, korn og honning. Varene inngår likevel i verdigrensa. Ønsker du å deklarere slike varer må du ta kontakt med Tolletaten på raud sone.
  • Skråtobakk: Ønsker du å innføre skråtobakk må du ta kontakt med Tolletaten på raud sone. Mengda skråtobakk du tar med deg inngår i den totale grensa for mengde tobakk, som er 500 gram.
  • Nikotinvarer (e-sigarettar, e-liquid o.l.): Innførsel av nikotinvarer er i utgangspunktet forbode og kan berre innførast i tråd med krava i forskrift om tilvirkning og import av legemidler § 3-2(åpner i ny fane).

**Næringsmiddel er alle mat- og drikkevarer og andre varer som er meint til å bli konsumert av menneske.

***Landbruksvarer er varer som høyrer til under kapittel 1 til 24 og posisjonane 35.01, 35.02, 35.05 og 38.23 i tolltariffen.

Betalt for mykje?

Dersom du har lagt inn feil opplysningar, som gjer at du har betalt for mykje, kan du søke om tilbakebetaling. For å søke, må du kontakte Tolletaten på raud sone før du forlét kontrollsona.

Skjema for tilbakebetaling

Mobildekning ved grenseovergangar

Ved nokre grenseovergangar kan mobildekninga vere svak. Då kan det vere vanskeleg å registrere varer og betale i appen når du passerer grensa.

Vi tilrår derfor at du registrerer og betaler på førehand. Du kan registrere passering opptil 48 timar før du kjem til grensa.

Kvitteringa er gyldig i to timar frå tidspunktet du har valt for grensepasseringa.

Tilbakemelding

Har du spørsmål om bruk av Kvoteappen eller forslag til forbetringar? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Send oss ei melding direkte frå Kvoteappen, eller send ein e-post merka med "Kvoteappen" i emnefeltet til post@toll.no.

Oppdatert: 5.8.2026