Alkohol- og tobakkskvote

Alkohol- og tobakkskvote

Du kan ta med deg ein avgiftsfri kvote med alkohol- og tobakk når du har vore i utlandet.

En som bruker Kvoteappen på smarttelefon

Last ned Kvoteappen

Med kvoteappen kan du rekne ut kvoten. Du kan også raskt og enkelt fortolle alkohol, tobakk og andre varer.

Alkohol- og tobakkskvote inn til Noreg

  • Alkohol- og tobakkskvoten er unntatt på 6000 kroner som gjeld for andre varer.
  • Kvotane som blir oppgitt er per person.
  • Du må vere 18 år eller meir for å ta med deg øl, vin og tobakk inn i Noreg. Skal du ha med deg brennevin og liknande med alkoholstyrke over 22 prosent, må du vere 20 år eller meir.

Merk at ulike kvotar gjeld for transportpersonell i internasjonal trafikk.

Kvote for alkohol og tobakk:

Oversikta nedanfor viser kor mykje alkohol og tobakk du kan ta med deg inn til Noreg. Mengda du kan ha med deg avheng av kva slags type varer du tek med deg.

VaretypeMengde
Brennevin/sprit/likør og liknande over 22 prosent til og med 60 prosentDersom du berre tek med brennevin/sprit/likør, kan du ha med maks 1 liter.
Vin og anna drikke (unntatt øl) over 4,7 prosent til og med 22 prosentDersom du berre tek med varer i denne kategorien, kan du ha med maks 3 liter.
Øl (også sterkøl) over 2,5 prosent eller svakvin, sider, rusbrus og liknande over 2,5 prosent til og med 4,7 prosentDersom du berre tek med varer i denne kategorien, kan du ha med maks 5 liter.
Sigarettar eller annan tobakk (for eksempel snus)Kvoten for tobakk er den same uavhengig av kor mykje alkohol du tek med deg. Du kan ta med 100 stk sigarettar eller 125 gram annan tobakk.
Sigarettpapir og -hylser100 stk

Bytereglar

Brennevinskvoten kan bytast i 1,5 liter av anten vin eller øl, medan vinkvoten kan bytast i øl, liter for liter. Vin og øl kan ikke bytast i sterkare drikke.

Du kan ikkje byte tobakkskvoten med vin eller øl.

Eksempel på avgiftsfrie kvotar

Om du planlegg å kombinere ulike typar alkohol, for eksempel både brennevin og vin, gjeld det eigne reglar for korleis mengdene kan fordelast. Dette er fordi alkoholkvoten din blir justert basert på kva du kombinerer.

Dersom ingen av kombinasjonane gjeld deg, sjekk ut kvoteappen.

Eksempel 1: Brennevin, vin, øl og tobakk

1 liter brennevin, 1,5 liter vin (2 flasker) og 2 liter øl (også sterkøl) (6 x 0,33 l)
+ 100 sigarettar eller 125 gram andre tobakksvarer (for eksempel snus), og 100 blad sigarettpapir.

Illustrasjon av 1 flaske brennevin, to flasker vin, seks små bokser øl og sigaretter

Eksempel 2: Vin, øl og tobakk

3 liter vin (4 flasker) og 2 liter øl (også sterkøl) (6 x 0,33 l)
+ 100 sigarettar eller 125 gram andre tobakksvarer (for eksempel snus), og 100 blad sigarettpapir.

Illustrasjon av fire flasker vin, seks små bokser øl og sigaretter

Eksempel 3: Øl og tobakk

5 liter øl (også sterkøl) (15 x 0,33 l)
+ 100 sigarettar eller 125 gram andre tobakksvarer (for eksempel snus), og 100 blad sigarettpapir.

Illustrasjon av 15 små bokser øl og sigaretter

Om du har vore i utlandet i under eitt døgn

Ved utanlandsopphald på mindre enn eitt døgn kan du éin gong i løpet av 24 timar ta med deg alkohol- og tobakkskvoten om du kan dokumentere at du har betalt avgifter i eit EØS-land. Du kan derfor ikkje handle på taxfree.

Eksempel:

  • Du reiser med fly tur-retur Brussel på éin dag. Du kan handle kvoten på ein butikk i Belgia der du betaler avgiftene, men ikkje i taxfreebutikken på Gardermoen.
  • Du tek ferje til Strømstad tur-retur på éin dag. Du kan då handle alkohol på Systembolaget og sigarettar i ein butikk i Sverige, men ikkje i taxfreebutikken på båten.

Tobakksprodukt og -imitasjonar som er forbodne å ta med til Noreg

  • Nikotinsnus (utan tobakk)
  • Oppvarma tobakksprodukt/Heated Tobacco Products (HTP)/Iqos med Heets sticks
  • Vasspipetobakk
  • E-sigarettar (vape) med nikotin (inkludert e-væske/e-liquid) med tobakks- og aromasmak, utan legeerklæring som dokumenterer røykeavvenning
  • E-sigarettar (vape) utan nikotin med aromasmak
  • Etui, esker, omslag, innpakningar og alle andre produkt som har til hensikt heilt eller delvis å skjule eller tilsløre helseåtvaringane på produkta
  • Tobakksvarer for vidaresal utan løyve

Reglar for kvoter og innførsel av alkohol og tobakk til Noreg

Oppdatert: 31.8.2026