Reise til Noreg med utanlandsk køyretøy
Reise til Noreg med utanlandsk køyretøy
Skal du bruke eit utanlandskregistrert køyretøy midlertidig i Noreg, for eksempel i samband med ferie? Her finn du informasjon om kva regler som gjeld dersom du køyrer sjølv eller får det frakta med transportør.
Dersom du køyrer sjølv til Noreg
Om du er fast busett i utlandet og tek med eit køyretøy til privat bruk i Noreg, treng du ikkje å deklarere det til Tolletaten.
Dersom køyretøyet blir frakta med transportør
Om køyretøyet blir frakta til Noreg av ein transportør, for eksempel ein motorsykkel som blir sendt i forkant av ferien, gjeld det også unntak frå deklarasjonsplikta.
Dette gjeld dersom:
- køyretøyet skal brukast midlertidig i Norge
- køyretøyet er til privat bruk
- transportøren kan dokumentere dette
Dokumentasjon ved grensepassering
Transportøren må stoppe hos Tolletaten og opplyse at køyretøyet blir innført på vegner av eigaren.
På førespurnad må transportøren kunne leggje fram:
- Vognkort og understellsnummer (chassisnummer)
- Dokumentasjon på eigarens si reise til Noreg, for eksempel flybillett
- Leige- eller leasingavtale, dersom dette er aktuelt
Oppdatert: 19.8.2026