Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Reise til Noreg med utanlandsk køyretøy

Skal du bruke eit utanlandskregistrert køyretøy midlertidig i Noreg, for eksempel i samband med ferie? Her finn du informasjon om kva regler som gjeld dersom du køyrer sjølv eller får det frakta med transportør.

Dersom du køyrer sjølv til Noreg

Om du er fast busett i utlandet og tek med eit køyretøy til privat bruk i Noreg, treng du ikkje å deklarere det til Tolletaten.

Dersom køyretøyet blir frakta med transportør

Om køyretøyet blir frakta til Noreg av ein transportør, for eksempel ein motorsykkel som blir sendt i forkant av ferien, gjeld det også unntak frå deklarasjonsplikta.

Dette gjeld dersom:

  • køyretøyet skal brukast midlertidig i Norge
  • køyretøyet er til privat bruk
  • transportøren kan dokumentere dette

Dokumentasjon ved grensepassering

Transportøren må stoppe hos Tolletaten og opplyse at køyretøyet blir innført på vegner av eigaren.

På førespurnad må transportøren kunne leggje fram:

  • Vognkort og understellsnummer (chassisnummer)
  • Dokumentasjon på eigarens si reise til Noreg, for eksempel flybillett
  • Leige- eller leasingavtale, dersom dette er aktuelt

Oppdatert: 19.8.2026