Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.
Eksport av bil og andre køyretøy
Her finn du informasjon om kva du må gjere når du eksporterer eit køyretøy frå Noreg, for eksempel ved sal, flytting til utlandet eller når du tek med ditt eige køyretøy ut av landet.
Før du eksporterer køyretøyet
Må du deklarere køyretøyet?
Då må du deklarere køyretøyet for utførsel ved å levere ei utførselsdeklarasjon til Tolletaten.
Du kan få hjelp til å opprette deklarasjonen ved ein av ekspedisjonsstadene våre. Du kan også kontakte ein speditør som kan hjelpe deg med deklareringa.
Då treng du som hovudregel ikkje deklarere køyretøyet til Tolletaten (utførselsdeklarasjon).
Du må likevel deklarere køyretøyet dersom det er:
- å rekne som avfall
- produsert før 1950
- å rekne som militært
Sjå informasjon nedanfor om utførselsdeklarasjon og dokumentasjon.
Dokumentasjon du må ha med
Utførselsdeklarasjonen skal innehalde opplysningar om verdien på køyretøyet i norske kroner. Dersom Tolletaten ber om det, må du kunne dokumentere verdien på køyretøyet på utførselstidspunktet.
Du har plikt til å oppgi riktige og fullstendige opplysningar. Eventuell refusjon av avgifter frå Skatteetaten skal ikkje trekkjast frå verdien.
Du må ha med:
- Originalt vognkort del 1 og 2. Vognkortet skal følgje køyretøyet ved eksport. Det er ikkje krav om at køyretøyet er omregistrert ved utførsel. Den deklarasjonspliktige (ny eigar) skal gå fram av kjøpekontrakt eller tilsvarande dokumentasjon.
- Gyldig legitimasjon (for eksempel førerkort eller pass)
- Eventuelle løyve frå andre etatar dersom dette er nødvendig (sjå informasjon om løyve nedanfor)
- I tillegg må du leggje fram følgjande dokumentasjon, avhengig av formålet ved utførsel:
- Sal: faktura eller salskontrakt som viser den faktiske kjøpesummen
- Flytting eller ordinær utførsel: verdivurdering eller takst som viser verdien på køyretøyet
Krav til løyve etter anna regelverk
Skal du eksportere eit køyretøy som kan reknast som avfall eller vrak, for eksempel fordi det manglar EU-godkjenning, må du undersøkje kva reglar som gjeld hos Miljødirektoratet.
Skal du eksportere eit køyretøy som er produsert før 1950, kan det bli rekna som eit kulturminne. Du må då undersøkje med Teknisk museum om du treng eksportløyve.
Skal du eksportere eit militært køyretøy, må du undersøkje med Utanriksdepartementet om du treng utførselslisens.
Ulike typar bilskilt
- Norske prøveskilt: Desse kan brukast i enkelte land. Kontakt Statens vegvesen for informasjon. Les meir på nettsidene til Statens vegvesen
- Norske skilt: Dersom du skal køyre ut av landet med norske skilt, bør du kontakte Statens vegvesen for informasjon om korleis køyretøyet seinare skal avregistrerast. Les meir på nettsidene til Statens vegvesen
- Eksportskilt (særskild registrering): Slike skilt blir i hovudsak utferda til nye bilar. Det er politiet som utferdar eksportskilt. Les meir på nettsidene til politiet
Flyttar du til utlandet?
Ved utførsel i samband med flytting er det ikkje eit krav at du har sendt flyttemelding.
Dersom du har meldt flytting, må du søkje om TRK-nummer før du møter på grensa med køyretøyet.
Les om korleis du søkjer om TRK-nummer
EUR.1
Dersom køyretøyet oppfyller vilkåra for preferansetollavgift etter ei frihandelsavtale, må dette dokumenterast med ei opprinnelseserklæring eller eit EUR.1-sertifikat.
Les meir om søknad om EUR.1 ved eksport av brukte motorkøyretøy
Tolletaten kan berre attestere EUR.1-dokument når vilkåra for dette er oppfylte.
Vi tilrår at du undersøkjer med tollmyndigheitene i landet køyretøyet skal importerast til, slik at du kjenner krava til import og dokumentasjon.
Når du skal passere grensa
Du må stoppe ved grensa og leggje fram utførselsdeklarasjonen.
Dersom du ikkje har fått oppretta deklarasjonen ved eit innanlandsk tollstad, må ho opprettast ved grensa av Tolletaten eller ein speditør.
Dersom du har meldt flytting til Skatteetaten, må du ha søkt om TRK-nummer før du kjem til grensa.
Sjå oversikt over ekspedisjonsstader og opningstider
Tolletaten attesterer ikkje utførselsdeklarasjonar i ettertid
Utførselsdeklarasjonen må attesterast ved sjølve utførselen.
Dersom deklarasjonen ikke blir attestert ved grensepasseringa, kan ikkje Tolletaten attestere ho i ettertid.
Attesteringa er ei stadfesting på at køyretøyet blei ført ut av landet på det tidspunktet som er oppgitt i deklarasjonen. Dersom deklarasjonen ikkje er attestert ved utførsel, har Tolletaten ikkje hatt høve til å kontrollere køyretøyet og kan derfor ikkje stadfeste at utførselen har funne stad.
Refusjon av norske avgifter
I enkelte tilfelle kan du få refundert delar av eingongsavgifta på køyretøy som er førstegongsregistrert i Noreg 26. juni 2014 eller seinare.
Refundert eingongsavgift skal ikkje trekkjast frå den statistiske verdien på køyretøyet i utførselsdeklarasjonen.
Det er Skatteetaten som behandlar søknader om delvis refusjon etter forskrift om eingongsavgift på motorvogner.
Dette er eit forhold mellom deg og Skatteetaten.
Viktig
Du må sjølv undersøkje kva reglar som gjeld for innførsel av køyretøy i landet du eksporterer til, og kva dokumentasjon som blir kravd der.
Oppdatert: 19.8.2026