Flytte med dyr til Norge

Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Flytte med dyr til Noreg

Når du flyttar til Noreg, kan du ta med deg dyret ditt som flyttegods utan å betale tollavgift og meirverdiavgift.

Du må ha budd i utlandet i minst eitt år, og kjæledyret må ha vore eigd av deg. Fritaket gjeld ikkje for kjæledyr i ei næringsverksemd som flyttar til Noreg.

Alle helsekrav må vere oppfylt

Du må undersøke Mattilsynet(åpner i ny fane) sine reglar før du tar med dyret ditt til Noreg. Det kan for eksempel vere krav til kjæledyrpass og vaksinar som må ordnast i god tid.

Flyttegodserklæring må fyllast ut

Når du skal føre inn flyttegods til Norge, må du fylle ut ei flyttegodserklæring. Du må føre opp dyret her.

Ved grensepassering

Det må lagast ein innførselsdeklarasjon. Dersom det er du sjølv som fraktar kjæledyret, gjer Tolletaten dette for deg. Sender du kjæledyret med ein transportør, blir deklarasjonen laga av transportøren eller speditørfirma.

Du må gå på raud sone ved innreise til Noreg og vise fram dyret sine dokument og flyttegodserklæringa.

Omplasseringsdyr

Det er ulovleg å ta med seg eigarlause hundar og kattar til Noreg. Dersom du vil ta med ein omplasseringshund eller -katt, må du ha eigd og budd med dyret i minst seks månader. Du kan bli bedt om å vise fram dokumentasjon på når du overtok eigarskap av hunden eller katten.

Les meir hos Mattilsynet:
Import av gatehund og gatekatt(åpner i ny fane)

Ulovlege dyr og dyr som krev tillating frå Miljødirektoratet

Ver merksam på at enkelte hunderasar og trua dyreartar er forbodne å importere til Noreg. Import av visse reptil krev tillating frå Miljødirektoratet.

Oppdatert: 4.6.2026