Flytte med hest til Noreg

Flytte med hest til Noreg

Når du flyttar til Noreg, kan du ta med deg hesten din som flyttegods utan å betale tollavgift og meirverdiavgift.

Du må ha budd i utlandet i minst eitt år, og hesten må ha vore eigd og brukt av deg i utlandet før flyttinga. Fritaket gjeld ikkje for hestar i ei næringsverksemd som flyttar til Noreg.

Alle helsekrav må vere oppfylt

Hesten må oppfylle alle helsekrav for innreise til Noreg. Du må undersøke med Mattilsynet kva for nokre reglar som gjeld.

Les meir hos Mattilsynet: Hest til Norge fra EU/EØS-land(åpner i ny fane)

Du må fylle ut flyttegodserklæring

Når du skal innføre flyttegods til Noreg, må du fylle ut ei flyttegodserklæring. Hesten må førast opp her.

Ved grensepassering

Det må lagast ein innførselsdeklarasjon. Dersom du fraktar hesten sjølv, gjer Tolletaten dette for deg. Sender du hesten med ein transportør, blir deklarasjonen laga av transportøren eller eit speditørfirma.

Når du kjem til Noreg med hesten, må du kontakte Tolletaten på raud sone. Du må vise fram hesten sine dokument og flyttegodserklæringa.

Oppdatert: 4.6.2026