Kjøpe dyr i utlandet

Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Kjøpe dyr i utlandet

Skal du kjøpe eit dyr i utlandet og importere det til Noreg? Då må du setje deg inn i reglane som gjeld. Ved innreise må du gå på raud sone og betale meirverdiavgift (mva.).

Vurderer du å kjøpe hund i utlandet? Les meir om import av hund.

Undersøk reglane til Mattilsynet

Skal du importere dyr til Noreg, må du undersøke Mattilsynet sine reglar Mattilsynet(åpner i ny fane). Det er viktig å ikkje importere dyr som kan ha med seg farleg smitte. Alle helsekrav må vere oppfylte før dyret kan bli tatt med til Noreg, og du må forsikre deg om at dyret er lovleg å importere.

Ved grensepassering

Du må alltid gå på raud sone når du reiser inn i Noreg. Her skal du vise fram dyret og relevante dokument til Tolletaten. Vi kontrollerer mellom anna passet, kjøpskontrakten og eventuelt helsesertifikat for dyret.

Dersom du tek med varer til Noreg via landeveg, må du i utgangspunktet møte opp ved ein grensetollstad for å oppfylle framleggingsplikta. Dette må du gjere innanfor opningstida til tollstaden.

Reiser du med tog, skal du kontakte Tolletaten ved første høve. I praksis vil dette ofte vere ved den næraste tollstaden der du går av toget. Du treng ikkje å gå av tidlegare for å vise fram varene. For eksempel, kjem du med tog frå Sverige og skal av i Oslo, treng du ikkje gå av på tidlegare stopp nærare grensa, som i Fredrikstad, for å kontakte Tolletaten. Du kan kontakte tollmyndigheitene i Oslo.

Dersom Tolletaten gjennomfører kontroll på toget eller på stasjonen, pliktar du likevel å opplyse om eventuelle varer som er omfatta av fremleggingsplikta.

Meirverdiavgift (mva.) på dyr

Du må alltid betale mva. på 25 prosent dersom verdien av dyret er over verdigrensa. Verdigrensa seier kor mykje du kan ta med til Noreg utan å måtte betale avgifter når du har vore på reise. Har du vore i utlandet kortare enn 24 timar, er verdigrensa 3 000 kroner. Om du har vore i utlandet lengre enn 24 timar, er grensa på 6 000 kroner.

Verdien på dyret må vere under verdigrensa for éin person for å kunne bli tatt med avgiftsfritt. Det er ikkje mogleg å dele verdien til dyret på fleire verdigrenser om fleire reiser saman.

Mva. på 25 prosent blir rekna ut av verdien til dyret pluss frakt- og eventuelle forsikringskostnader til Noreg. Du må betale mva. for heile verdien, verdigrensa skal ikkje trekkast frå.

Du må dokumentere den reelle verdien på dyret

Sjølv om du har fått eit dyr gratis, må du betale mva. dersom den reelle verdien er over verdigrensa. Den reelle verdien er det du ville kjøpt dyret for dersom det vart selt til normal pris. Du slepp altså ikkje å betale sjølv om dyret er gitt deg i gåve. Det vil også gjelde om du importerer ein hund eller katt som du skal ha på fôrvertavtale.

Tollavgift

Dei aller fleste kjæledyr, inkludert hund og katt, er tollavgiftsfrie.

Tollavgift for hest kan du lese om her

Ulovlege dyr

Ver merksam på at enkelte hunderasar og trua dyreartar er forbodne å importere til Noreg. Det er også ulovleg å ta med seg eigarlause hundar og kattar. Import av visse reptil krev løyve frå Miljødirektoratet.

Ulovlege dyr og dyr som krev løyve

Oppdatert: 17.6.2026