Import av hest

Skal du kjøpe hest i utlandet og importere han til Noreg? Då må du sette deg inn i reglane som gjeld i god tid.

Undersøk Mattilsynet sine reglar

Ved grensepassering

Du må nytte deg av ein open og bemanna grenseovergang ved innreise til Noreg. Du må køyre på raud sone og vise fram hest og dokument til Tolletaten.

Tollavgift og meirverdiavgift

Ved ordinær innførsel av hest til Noreg skal du betale 5 000 kroner per hest i tollavgift, og 25 prosent meirverdiavgift.

Om hesten kjem frå eit EU-land, og du har gyldig dokumentasjon på at hesten har sitt opphav i EU, slepp du å betale tollavgift. Du må betale meirverdiavgift uansett.

Relatert innhald

Oppdatert: 4.6.2026