Hest som skal delta i konkurranse

Hest som skal delta i konkurranse og stemne

Skal du ta med ein hest inn eller ut av Noreg for konkurranse? Då må du stoppe på grensa og deklarere hesten både ved utreise og innreise.

Viktige endringar for transport av hestar over grensa frå 15. september 2026

Frå 15. september 2026 blir det innført obligatorisk digital melde- og opplysningsplikt (MO), og ordninga med direktefortolling blir avvikla. Privatpersonar som transporterer hestar over grensa er unntatt frå å sende inn MO, medan kommersielle transportoppdrag er omfatta av plikta. Ordninga med å stille sikkerheit ved mellombels innførsel blir vidareført.

Helsekrav må vere oppfylt

Du må undersøke med Mattilsynet(åpner i ny fane) kva for nokre reglar som gjeld før du reiser med hesten. All nødvendig dokumentasjon som hestepass, helsesertifikat eller eigenerklæring må vere klar før reisa.

Du må deklarere hesten

Du må deklarere hesten både når du reiser ut av Noreg og inn til Noreg. Deklareringa kan du gjere på to måtar, med deklarasjon eller ATA-carnet.

Deklarering av hest med deklarasjon

Frå 15. september 2026 blir ordninga med direktefortolling avvikla. Privatpersonar som ikkje nyttar tollrepresentant, kan framleis møte opp i ekspedisjonen ved grensepassering og få hjelp til deklarering, på same måte som i dag.

For kommersiell transport av hestar gjeld digital melde- og opplysningsplikt (MO). Deklarasjonar frå næringslivet skal sendast digitalt via Digitoll.

For hestar som blir deklarerte av Norges Rytterforbund eller Det Norske Travselskap på vegner av privatpersonar, skal deklarasjonen sendast til ekspedisjonsenhet 441002 (Digitoll).

Ordninga med sikkerheitsstillelse ved midlertidig innførsel blir vidareført. Norges Rytterforbund og Det Norske Travselskap kan framleis stille sikkerheit ved bruk av betalarkode K og kode HST i rubrikk 44 i deklarasjonen.

Forenkla deklarasjon med ATA Carnet

ATA-carnet er eit forenkla alternativ for deklarering som kan nyttast når hestar skal delta i konkurransar. Det er handelskammeret i landet hesten reiser frå som skriv ut carnetet mot ei betaling. ATA-carnet kan nyttast av både privatpersonar og bedrifter.

Les meir om ATA-carnet for hest på nettsidene til Oslo Handelskammer(åpner i ny fane)

Les meir om deklarering av hest:

Ved grensepassering

Du må nytte deg av ein open og bemanna grenseovergang ved grensepassering, både ved utreise og innreise til Noreg. Du må køyre på raud sone og vise fram hest og dokument til Tolletaten.

Reglar i andre land

Når du skal krysse landegrenser må du forhalde deg til regelverket i landet du skal frå, gjennom og til. Tolletaten kan berre informere om og svare på spørsmål om gjeldande regelverk i Noreg. Du må kontakte tollmyndigheitene i landet du skal til for informasjon om reglane som gjeld der.

Oppdatert: 8.10.2026