Hest som skal delta i konkurranse

Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.

Hest som skal delta i konkurranse og stemne

Skal du ta med ein hest inn eller ut av Noreg for konkurranse? Då må du stoppe på grensa og deklarere hesten både ved utreise og innreise.

Helsekrav må vere oppfylt

Du må undersøke med Mattilsynet(åpner i ny fane) kva for nokre reglar som gjeld før du reiser med hesten. All nødvendig dokumentasjon som hestepass, helsesertifikat eller eigenerklæring må vere klar før reisa.

Du må deklarere hesten

Du må deklarere hesten både når du reiser ut av Noreg og inn til Noreg. Deklareringa kan du gjere på to måtar, med deklarasjon eller ATA-carnet.

ATA-carnet er eit forenkla alternativ for deklarering som kan nyttast når hestar skal delta i konkurransar. Det er handelskammeret i landet hesten reiser frå som skriv ut carnetet mot ei betaling. ATA-carnet kan nyttast av både privatpersonar og bedrifter.

Les meir om ATA-carnet for hest på nettsidene til Oslo Handelskammer(åpner i ny fane)

Les meir om deklarering av hest:

Ved grensepassering

Du må nytte deg av ein open og bemanna grenseovergang ved grensepassering, både ved utreise og innreise til Noreg. Du må køyre på raud sone og vise fram hest og dokument til Tolletaten.

Reglar i andre land

Når du skal krysse landegrenser må du forhalde deg til regelverket i landet du skal frå, gjennom og til. Tolletaten kan berre informere om og svare på spørsmål om gjeldande regelverk i Noreg. Du må kontakte tollmyndigheitene i landet du skal til for informasjon om reglane som gjeld der.

Oppdatert: 4.6.2026