Diese Seite ist leider nicht auf Deutsch verfügbar. Sollten Sie die gesuchten Informationen nicht finden, wenden Sie sich bitte an unseren Kundendienst.
Import av hest
Skal du kjøpe hest i utlandet og importere han til Noreg? Då må du sette deg inn i reglane som gjeld i god tid.
Undersøk Mattilsynet sine reglar
- Sende, selge eller reise med hest til Norge fra EU/EØS-land
- Import av hest fra tredjeland (land utenfor EU og EØS)
Ved grensepassering
Du må nytte deg av ein open og bemanna grenseovergang ved innreise til Noreg. Du må køyre på raud sone og vise fram hest og dokument til Tolletaten.
Tollavgift og meirverdiavgift
Ved ordinær innførsel av hest til Noreg skal du betale 5 000 kroner per hest i tollavgift, og 25 prosent meirverdiavgift.
Om hesten kjem frå eit EU-land, og du har gyldig dokumentasjon på at hesten har sitt opphav i EU, slepp du å betale tollavgift. Du må betale meirverdiavgift uansett.
Relatert innhald
Oppdatert: 4.6.2026