Import av legemiddel og urter
Dersom du skal importere legemiddel og urter, må du ha løyve frå Direktoratet for medisinske produkter (DMP).
Det er ulike reglar for import avhengig av om norske styresmakter ser på vara som eit legemiddel, dopingmiddel eller eit kosttilskot. Mange varer vert selde som kosttilskot i utlandet, men vert rekna som legemiddel eller dopingmiddel i Noreg.
Det er klassifiseringa av vara etter DMP sine bestemmelser som er avgjerande, ikkje korleis avsendarlandet klassifiserer vara.
- Les meir om import av legemiddel på nettsidene til DMP
- Les meir om det du treng å vite om CBD på nettsidene til DMP
Merk at innførsel av radioaktive legemiddel krev innførselsløyve frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA). Sjå § 9 i) i strålevernforskrifta
Les meir om klassifisering av legemidler/kostilskot i tollariffen.
Relatert innhald
Oppdatert: 27.4.2026